MDG

MDG

Toms Grønne hjørne

Grønne tanker og drømmer fra Hordaland

Mdg vil ha Miljøkomite i Hordaland fylkesting

MiljøpartietPosted by T. Tomren Wed, March 13, 2013 11:56:32

Eit av dei politiske utvala i Hordaland Fylkeskommune har namnet ”Utval for kultur og ressurs”. Ein skulle tru at eit utval med «ressurs» i namnet skulle ha ansvar i forhold til økonomi eller eigedom. Dette er ikkje tilfellet. Utvalet har derimot mykje med arealplanlegging og ulike miljørelaterte saker å gjera. Difor foreslår fylkestingsrepresentant og leiar i Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland, Tom Sverre Tomren, ved ein interpellasjon ved Fylkestinget sitt møte neste veke at utvalet bør omdøypast til «Utval for kultur og miljø».

”Det kan tenkjast at «ressurs» i namnet i si tid vart medvite valt, og at det spegla eit syn der natur og miljø bare er tenkt som råstoff som menneskja kunne skalta og valta med som vi vil, ut frå det vi kallar eit instrumentalistisk natursyn. Økologisk kunnskap lærer oss at dette er eit einauga perspektiv som er farleg. ”

”Vi er som menneske sjølv innvovne i naturen. Øydelegg vi den økologiske balansen, øydelegg vi òg oss sjølv og våre barn. Ord skapar tanke, og tanke skapar handling. Om vi reduserer naturen til berre å vere noko vi kan nytte som vi vil, skapar vi ei naturforståing som undergrev den ærefrykta for naturen som er naudsynt for å få oss til å setja grenser for misbruk av naturen. Ei instrumental naturforståing der miljø er det same som ressurs, fremjar ei tenking som er farleg for oss alle.”

Tomren er godt nøgd med arbeidsfordelinga mellom komiteane, og ser difor ikkje trong til å overføre budsjettansvar til Utval for kultur og ressurs, men trur at Fylkeskommunen og andre er tent med ei namneendring.

I interpellasjonen spør Tomren om kvifor har Fylkeskommunen har valt å kalla ein komité for Utval for kultur og ressurs når utvalet ikkje har ansvaret for økonomi, og han ber Fylkestinget ta stilling til ei namneendring til Utval for kultur og miljø.

  • Comments(0)//mdg.tomren.info/#post9