MDG

MDG

Toms Grønne hjørne

Grønne tanker og drømmer fra Hordaland

MDG vil tiltak mot korrupsjon i Hordaland fylkesting

MiljøpartietPosted by T. Tomren Wed, March 13, 2013 10:09:58

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) vil ha på plass førebyggjande tiltak mot korrupsjon i Fylkeskommunen. Eg tok dette opp i fylkestinget med spørsmålet under til fylkesordføraren . Alle partiene var postiv til initativet og fylkesordføraren lovte å komme attende med en sak på dette til FT:

Fylkestingsrepresentant og leiar i MDG i Hordaland, Tom Sverre Tomren, har meldt ein interpellasjon til Fylkestinget sitt møte neste veke med spørsmål om Hordaland Fylkeskommune burde slutta seg til Transparency International.

” Sidan Fylkeskommunen forvaltar store verdiar er det viktig med gode system som sikrar forsvarleg og open bruk av midlande, og slik at hindra misbruk av pengar eller tillit. ”

”Sjølv om dei aller fleste tilsette i norsk kommunal og fylkeskommunal verksemd gjer ein ærleg og god jobb, finnest det «brotne kar» også her. Turen til Australia for helsetoppar i Trøndelag som no er under gransking kan vera eit eksempel på dette.

Transparency International er den fremste aktøren på overvaking av verksemd som me folkeleg kallar korrupsjon. I fjor la organisasjonen for første gong fram ein studie på sårbarheit for korrupsjon i offentlig og privat sektor i Noreg. Rapporten viser at offentlege styresmakter og forvaltning har stort betringspotensiale på førebygging av korrupsjon. ”

Både personar, bedrifter og kommunar kan vere medlemmar i Transparency International. Som medlem må ein forplikta seg til ”å praktisere nulltoleranse for alle formar for korrupsjon i all verksemd, og å få på plass eigna tiltak mot korrupsjon.”

Tomren oppmodar i interpellasjonen Fylkeskommunen til å melda seg inn i Transparency International Norge. Han peikar på at Erna Solberg alt har teke til orde for at alle høgrestyrde kommunar skal melde seg inn.

Tomren tek i spørsmål til Fylkesordføraren opp kva Fylkeskommunen gjer for å motverke passiv og aktiv korrupsjon og kameraderi i eiga verksemd og vurdera om det kan vera sider ved drifta av som er særleg sårbare. Fylkesordføraren blir óg spurd om kva han meiner om forslaget frå Erna Solberg om å melda kommunane – og i dette tilfellet fylkeskommunen - inn i Transparency International.

Tomren oversendte følgjande to fråsegn til fylkesordføraren som førebuing av ein kommande sak:

1. Hordaland Fylkeskommune ser viktigheita av at eit aktivt antikorrupsjonsarbeid og sluttar seg til Transparency International Norge sine medlemskrav om å om ”å forplikte seg til å praktisere nulltoleranse for alle former for korrupsjon i all sin virksomhet og å få på plass egnede tiltak mot korrupsjon.”

2. Hordaland Fylkeskommune ser viktigheita av eit internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt antikorrupsjonsarbeid og slutter seg til Transparency International.

  • Comments(0)//mdg.tomren.info/#post8