MDG

MDG

Toms Grønne hjørne

Grønne tanker og drømmer fra Hordaland

Valet 2013: Gjennombrot for Miljøpartiet Dei Grøne?

De GrønnePosted by T. Tomren Sat, April 13, 2013 11:07:58

Valet 2013: Gjennombrot for Miljøpartiet Dei Grøne?
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) tok eit viktig steg framover ved siste kommuneval. Partiet fekk inn representantar i alle dei store byane: Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø. Ein vidare framgang kan ventast ved stortingsvalet. Nest siste meiningsmåling gav partiet 2,3 % oppslutning, noko som etter TV2 sine berekningar vil gje mandat i Oslo. Det er no fullt mogeleg å få inn representantar både frå Oslo, Hordaland og andre fylke. Å passera sperregrensa på 4 % er mogeleg om fleire forstår at MDG er partiet for alle som meiner at ei forsvarleg klimautvikling er blant dei viktigaste utfordringa me står framfor i verda i dag .

Det internasjonale energibyrået IEA har rekna ut at minst to tredjedelar av alle kjende kjeldene til olje, kol og gass må bli liggjande om me skal ha ein rimeleg sjanse til å unngå meir enn 2° global oppvarming. Dei Grøne vil starta ei nedtrapping av oljeverksemda og ei naudsynt fornying av norsk økonomi. Me representerer den tydelegaste motpolen til vekstpartia Høgre, Arbeidarpartiet og Frp. Denne troikaen vil som kjent utvida olje- og gassverksemda til Lofoten, Vesterålen og vidare nordover i Barentshavet. Store grupper i Noreg er kritisk til denne politikken. For desse gruppene som ser økologisk berekraft som overordna for dei flest områda i politikken er Dei Grøne er det beste alternativet.

Partiet for ansvarlege verdsborgarar
Dette er partiet for ansvarlege menneske som vil at økologisk berekraftig utvikling og rettferdig global og nasjonal fordeling må vera overordna personleg og nasjonal materiell eigeninteresse. Dei fleste andre parti har ein historisk bakgrunn som forsvararar av ulike interesser eller klassar i det norske samfunnet. Eit slikt fundament høver ikkje med dei nye utfordringar vi står overfor i dag. På begge sidene av den vanlege høgre-venstreaksen har nokre parti freista å ta opp i seg dei økologiske utfordringane med veksande forbruk, klimaendringar og utrydding av stadig fleire arter. Men røynslene frå regjeringane Bondevik og Stoltenberg viser at dei som har kjempa for klima og miljø har tapt under presset av dei store partia sin vekstpolitikk.

MDG – eit blokkuavhengig parti

Internasjonalt har den grøne polen i politikken vakse fram som den tredje politiske hovudfargen, i tillegg til den blå og den raude. I mange europeiske land representerer dei grøne partia som MDG samarbeider med alt no ei sterk politisk kraft. Økologisk berekraft som overordna målsetting er det som skil oss frå andre parti. Sosial rettferd er eit grønt prinsipp i seg sjølv, men òg ein føresetnad for å løysa miljøproblema.

På den vanlege høgra-venstreaksen vil difor dei fleste grøne partia plassere seg noko til venstre for sentrum. I såkalla verdispørsmål har vi også mykje felles med partia på den borgarleg sida. Individuell fridom og kulturelt mangfald er viktig, men innan råmer for økologisk og sosial berekraft. Dei interessene vi forsvarar, er interessene til dei fattige som lever i dag, dagens born og generasjonane til framtida. Grunnlaget for dette er å ta vare på naturgrunnlaget og heile det finstemte samspelet mellom alt levande.

Vårt mål er å byggja opp ein tredje pol i norsk politikk. Ingen parti har så langt lukkast med dette. Ein grunn til dette er at andre parti berre har hatt grønfargen som eit tillegg på den politiske menyen. Venstre er i dag primært eit liberalistisk høgreorientert næringslivsparti der klima og miljøsakene nødvendigvis vil tapa når Venstre skal samarbeida med vekstpartia Høgre og Frp.

For SV viser historia at dei har tapt store miljø- og forsvarssaker gjennom samarbeidet med Arbeidarpartiet. I Senterpartiet er dei mest opptekne av næringsinteresser på bygdene, og det meste av deira tidlegare grønfarge er tapt i forhold til styrking av olje-, oppdretts- og landbruksinteresser. I KrF er dei i fylgje programmet opptekne av miljø, men partiet er framleis sterkt dominert av medlemmer som knyter dei til den økonomiske høgresida.

Med ein kombinasjon med det beste frå desse ulike retningane i politikken, men med økologisk berekraft som overordna prinsipp, opplever vi i Dei Grøne ein jamn overgang av miljøbeviste veljarar og ressurspersoner frå alle dei nemnde partia.

Valet i 2013 – Eit klimaval?

Alle parti på Stortinget, med unntak av Frp, har vore samde om to klimaforlik, det siste inngått for under eit år sidan. Det er diverre klart at tiltaka som er spesifisert i klimaforliket ikkje vil vera tilstrekkelege til å sikra ein forsvarleg klimautvikling. Mange klimaengasjerte menneske er uroa over dette, og fleire tunge aktørar prøver no å gjera valet 2013 til eit klimaval.

Besteforeldra sine klimaaksjon har engasjerte pensjonistar som jobbar på heiltid med saka. Dei har mellom anna teke initiativ til alliansen Klimaval 2013. Blant dei 60 organisasjonane som er med i alliansen finn vi dei fleste miljø- og utviklingsorganisasjonane, men óg Den norsk kyrkja, mange humanitære organisasjonar og ulike arbeidstakarorganisasjonar.

Dersom desse kreftene, saman med Dei Grøne, gjer valet i 2013 til eit klimaval, kan vi få eit resultat som vil kunna overraska mange kommentatorar og valekspertar. Ei stemme til MDG vil vere det tydelegaste klimastemma ein kan gje.

Dei Grøne – Det mest ansvarlege partiet
Arbeidarpartiet og Høgre blir vanlegvis rekna som trygge, ansvarlege parti. I dagens klimasituasjon er desse partia diverre dei uansvarlige. På trass av at klåre åtvaringar frå FN og Det internasjonalen energibyrået om konsekvensane dersom alt fossilt brennstoff blir brukt, vil desse partia halda fram med oljeutvinninga så lenge det er lønsamt. Dei seier til og med at vi må utvinne meir olje og gass – både for at vi sjølve må bli rikare og for å løyse klimaproblemet! Klimakutta skal helst takast i fattige land og tropiske skogar.

Vi appellerer til ansvarlege verdsborgarar om å avsløra denne openlyse mangelen på samsvar mellom liv og lære. Tida er overmoden for noko nytt i norsk politikk, ein grøn politisk pol som er uavhengig både av dei raude og dei blå. Målet vårt er å skapa eit samfunn med gode levekår basert på ein politikk for økologisk berekraft som sikrar eit godt miljø og forsvarleg klimautvikling som er grunnleggjande for liv og helse for dagens born og framtidige generasjonar.




  • Comments(0)//mdg.tomren.info/#post14