MDG

MDG

Toms Grønne hjørne

Grønne tanker og drømmer fra Hordaland

Grendaskulane -ei investering i framtida

MDGPosted by T. Tomren Fri, April 12, 2013 08:53:26

I dagens Bygdanytt skriv Johannes Gjerstad ( leiar i MDG Osterøy) og eg som fylkesleiar følgjande om skuledebatten:

Mykje tydar på at Heradsstyret i Osterøy med Ap i leiinga vel å leggje ned skular i Hjelvik, Hamre, Hauge og Bruvik.

Dette er ikkje unikt. Over heile landet føregår det debattar om nedlegging av små skular, sentralisering, og større einingar. Diskusjonane i kommune-Noreg er jamt over knytt til økonomi meir enn til kva som gagnar skule og samfunnet elles.

Hovudargumentet til nedleggingstilhengarane både på Osterøy og elles i landet er at det kostar for mykje å drive lokalskulane. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) utfordrar både Ostringane og andre til å heve blikket litt og sjå debatten om skulane i eit litt større perspektiv.

I dag er Noreg rikare enn nokon sinne. Vi burde ha råd å halde på grendeskulestrukturen, men politikarane vel å ikkje gjere det.

AP, SP og SV har sitte med makta på Stortinget i 8 år. På Osterøy har AP styringa.

Kort sagt: AP og SP og SV er i posisjon til å sørgje for at det blir gitt pengar til grendeskulene. Nedlegginga er difor meir eit spørsmål om vegval og prioriteringar, enn om økonomi.

Vi MDG er ueinige i at skulane skal prioriterast ned. Vi er ueinige i at småskulane skal vekk. Vi trur at grendeskular med mindre klassar, og nærleik til bygda og kulturlivet, oftast gjev betre rammevilkår for borna enn store sentralskular ved kommunesentra.

MDG meiner òg at det høyrer med i diskusjonane kva rolle skulane har for utviklinga av kulturlivet i grendane. Og for livskvaliteten i lokalsamfunna generelt. Der ein har skular vil det vere eit sterkare grunnlag for lokalt kulturliv enn der det ikkje er det. Der det er skular vil det vere lettare for familiar i småbornsfasen å busette seg enn i dei grendane der det ikkje er det. Der ein har skular vil det vere større utsiktar til eit levande fritidstilbod til borna. OM ein velgjer å ta vekk ein grendaskule i eit område der det enten bur eller kjem til å bu mykje born, vil det medføre mindre aktivitet lokalt, meir tid i bil og dermed større trafikk, og dermed igjen høgare klimagassutslipp. Dei borna som før kunne gå til skulen vert mindre fysisk aktive.

Skuledrøftinga handlar med andre ord om meir enn økonomi, det handlar om kva som er det gode liv, det handlar om miljø: Det handlar om kva vi ynskjer å prioritere.

MDG ynskjer å prioritere borna og miljøet, og vi ser at det er ein samanheng mellom levande grender, eit berekraftig lokalsamfunn, og livskvalitet og miljø. Det kostar å ha folk i landet, det kostar å ha born, men det er borna og folka i landet som skapar verdiane. MDG meiner det er meir rett å snakke om kva vi skal investere i enn om kva det kostar. Vi utfordrar Heradsstyret til å tenkje seg godt om før dei vedtek å leggje ned dei fire grendeskulene på Osterøy.

NB: for ikkje å bli mistenkt for å vere endringsmotstandar: Vi i MDG meinar ikkje at ein aldri skal vurdere skulestrukturane. Tidane endrast. Nye bygder vekst fram og andre minkar, nye vegar kjem til, og andre stiar gror att. Alt dette gjer at det er naudsynt å drøfte skulestrukturen frå tid til annan. Men når ein skal ta avgjerde må det vere på grunnlag av fleire parameter enn berre dei økonomiske. Om ein gjer det er vi viss på at det ikkje er grunnlag for å leggje ned alle dei fire skulane som politikarane i Osterøy Heradsstyre har namngitt.

  • Comments(0)//mdg.tomren.info/#post13