MDG

MDG

Toms Grønne hjørne

Grønne tanker og drømmer fra Hordaland

RIO + 20

MiljøPosted by T. Tomren Thu, June 07, 2012 15:32:27

Store miljø ambisjonar, lita handlekraft

5. juni har vore kjend som verdas miljødag i fire tiår, men den har
aldri vore så viktig som i 2012. I år markerar dagen oppstarten av konferansen Rio+ 20.

Hovudtema for den store FN konferansen er grøn økonomi og berekraftig utvikling.

Diskusjonane tek utgangspunkt i ei lang liste saker som bra for planeten
og menneska på den. Ambisjonane er store, men det har dei vore føre og. Det er difor tid for å settja
spørsmålsteikn ved mangelen på forpliktingar til å oppfylle internasjonale lovnader.

Statsminister Jens Stoltenberg, landbruks- og matminister Lars Peder
Brekk, miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og utviklingsminister
Heikki Holmås er mellom dei som no flyr til Rio. Ei av dei norske frontsakene er
verdsetting av verdas skogar.Noreg er ei internasjonal drivkraft for vern av skog, og regjeringa
har løyva ein årlig sum på 3 milliardar kroner til klima- og
skogsatsinga REDD+. Dette er på mange måtar eit godt initiativ både for klima og for det bilogiske mangfaldet, men staten håvar samtidig inn oljeinntekter - 128 milliardar berre i fjor - og
oljefondet skuldast jamleg for å investere i selskap som ulovleg
høgg skogen regjeringa jobbar for å verne.

Denne tvitydigheita er typisk for norske styresmaktar . Sjølv ein skulle tru at Noreg vil gjere noko for miljøet når ein høyrar på festtalane, så veg «vekst» og «utvikling» lang meir enn «grøn» og «berekraftig» når vi kjem til politiske realitetar.

Det er stor faren for at Rio +20 føyer seg inn i rekka av
globale konferansar som produserar gode ord, men som ikkje følgjast opp med handlekraft i dei enkelte land. Dette gjeld ikkje minst for Noreg.

Miljøpartiet Dei Grøne må oppfordre alle til å bruke verdas miljødag
til å signalisere til den norske Rio-delegasjonen at ord ikkje er
godt nok. Vi er iferd med å sage over greina vi sitt på. Vi treng tiltak no!

  • Comments(0)//mdg.tomren.info/#post1