MDG

MDG

Toms Grønne hjørne

Grønne tanker og drømmer fra Hordaland

Klimaflyktningar og Bavianar.

ØkologiPosted by T. Tomren Fri, August 08, 2014 22:42:46

Hei, sjå pappa, ein apekatt, nei to, nei fem, nei mange, mange!

Treåringen vår var i fyr og flamme første gong vi reiste over Dii-sletta i Nordkamerun. Like ved hovedvegen rusla en stor flokk bavianer. Det var første ferieturen vår i nytt og ukjent område. Vi var på veg til ein av nasjonalparkane i dette flotte landet, og her, fleire mil før vi var framme, fikk vi ein forsmak på det som venta. Ryktet gikk om den store bavianflokken som heldt til i området, og vi hadde håpa å få eit glimt av dei.

Og der var dei!

Vi rulla ned vindauget og kasta ut nokre bananar, og jammen blei dei plukka opp av ein stor og røsleg bavianpappa. Vegkanten var full av små og store medlemmer av flokken, og det første av mange møtar med afrikanske villdyr var eit faktum.

Seinare nemnte eg møtet med bavianflokken for ein kamerunsk kamerat av meg som var frå ein landsby i nærleiken. Dei har vore der i alle år sa han. ”Då vi var små heldt vi oss alltid litt unna området der dei budde. De gamle snakka mykje om at dei kan vere aggressive, så vi heldt oss unna. Så fekk dei ha sitt område i fred.

Han smilte ved tanken på gode gamle minner.Tre år seinare køyrte eg på arbeidsoppdrag over den same Dii-sletta. På veg inn i ”bavianområdet” såg eg til mi store overrasking at nokre menn var i ferd med å rydde skogen. To unggutar sto med øks, og ein tredje hadde sett fyr på vegetasjonen. Litt lengre framme såg det ut som om nokon var ferd med å bygge ei typisk afrikansk jordhytte. Men det var ikkje berre snakk om ei hytte. Ein heil landsby var i ferd med å verte reist, og bavianene var vekke.

Vel heime spurte jeg kameraten min kva som var i ferd med å skje.

Han forklarte: Det har kome tusenvis av flyktningar til Dii-sletta. Dei er nordfrå. Innsjøen der de budde er i ferd med å skrumpe inn, vegetasjonen er vekke, og ørkenen tar over. Det er uleveleg der nord, og styresmaktene har latt dei å busette seg rett ved nasjonalparken, der budde det jo ingen fra før.Korleis reagerer stammen din på nykommarane då, de som har bodd på Dii-sletta i generasjonar? spurte jeg.

Vel, det blir ein del konfliktar: Ein ting er at det blir kamp om matjorda og veden, ein annan ting er at dei fordriv dyreslag som vi har respektert siden tidenes morgon. Men kva skal ein gjere? Det er jo ikke deira feil at dei må flytte.Klimaendringane tvingar dei til det.

Vel attende i Noreg har eg tenkt mykje på konklusjonen hans. Når ein ser på statistikken er det heilt tydelig at han hadde rett: Vi i Noreg slepp ut 32 gonger så mykje Co2 pr innbyggjar som dei gjer i Kamerun. Trass i klimaforlik og brei politisk semje på stortinget om at utsleppa skal ned, auka dei norske klimagagassutsleppa med 0,2 % det siste året. Vi ligg 4,8 % over det vi lova då vi skreiv under Kyotoprotokollen. Det er ikkje afrikanarane som skapar klimaendringane. Det er oss i Vesten, nordmenn inkludert. Det er meg og deg.

Vi får mange saker inn i stova gjennom media, der vi kan sitte på utsida og rangere folk som heltar og skurkar.I denne forteljinga går ikkje det. Ein av storskurkane er oss.Men av og til kan utviklinga gå uventa vegar, og skurken forstår at han har handla feil.Det kan jo hende at vi vaknar av klimadvalen, gjer bot, og tek ansvar.

Det er lov å håpe!


Satellitt bilder som viser inntørkingen av Tchad sjøen i Nord-Kamerun:
http://www.globalis.no/Satellitt/Toerke-Tsjadsjoeen










  • Comments(0)//mdg.tomren.info/#post20