nytt

nytt

Temaet er forsoning.

bloggPosted by T. Tomren Monday, June 06 2011 10:50:16

”Der det er folk, blir det bråk” heiter det, og det viser seg dessverre stadig vekk å vere riktig.

Kyrkja er ikkje noko unntak, for vi er vel folk vi som utgjer kyrkja, òg?

I EELC har det vore gnisningar som ikkje så lett lar seg kategorisere. Nokre har vore redde for at synet på homofili skal endre seg etter dei vestlege kyrkjene sin modell, og verte meir liberalt. Andre har vore misnøgde med forskjellige avgjerde i kyrkjeleiinga, og andre igjen er kanskje bare generelt misnøgde.

Einskilde som har vore utmeldte i årevis, har nytta høvet til å engasjere seg i bataljen, med von om å få posisjonar i ”den nye, eigentlege EELC”.

Vi har nok, innimellom, vore redd for at nokre av desse skulle lykkast, og faktisk rive ned det som har vore bygd opp over snart 90 år. På sekretariatet har fleire vore samla kvar dag kl. 12.00 for å be spesielt for denne situasjonen.

Men det skjer under. Dei siste vekene har ei gruppe ”utbrytarar” hatt møter med ei gruppe frå kyrkjeadministrasjonen, og med lokale styresmakter. Daniel Touka, ein prestekollega, har engasjert seg i meklingsarbeidet. Forrige veke hadde han godt nytt:

Le Prefet (borgarmeisteren) kalla saman til eit møte der han oppmoda til forsoning. Han er sjølv kristen, og gikk direkte inn i kjerna: ”Kva vil de, eigentleg? Vil de krangle? Eller vil de drive ei levande kyrkje, der ein kan få med seg fleire menneske inn i fellesskapet? Er det ikkje kjærleik som er stikkordet? ” Det vart etter kvart semje om at målet er å bygge opp, ikkje å rive ned.

No er det programmert ei fellesgudsteneste i Millenniumskyrkja den 12. juni.

Og temaet er forsoning, som det var på generalsynoden i Betaré Oya.

Eit resultat av mykje arbeid, og inderleg bøn.

Kanskje andre òg kunne læra av desse flotte kollegaene våre? Dei har retta fokus mot det vi eigentleg skal drive med:

Fortelje alle om Guds grenselause kjærleik!


(Trude)

  • Comments(1)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.
Posted by Ragnhild Mestad Monday, June 06 2011 14:43:43

Dette var godt å lese. Takk for informasjonen. Vi skal huske på gudstjenesten i bønn.