nytt

nytt

Avskjed med Thello

bloggPosted by T. Tomren Tuesday, May 31 2011 15:08:24
Siste gudsteneste i Thello var verdig og innhaldsrik.

Den gamle jordkyrkja er no riven, den nye har fått veggar av sement, og skikkeleg bølgeblekktak!

Skikkeleg skal det vere. Høgtideleg klipping av snora, ved biskop Nyiwe:
Her er folket i ferd med å fylle kyrkjerommet, og kora inntar plassane sine fremst.
Tom, den gamle distriktsdirektøren, vert takka for to års iherdig innsats, og Lucas Besong vert ønska velkomen som ny "directeur du district".
Familien Solås ville gje vekk Harald sin fine Honda, og Sikhem distrikt var så heldig å vere mottakar. Trond Hjorteland tolka til fransk og fulani, til stor jubel frå forsamlinga:
Dei "lokale autoritetane" var tilstades, noko som ikkje er sjølvsagt i denne delen av landet. Landsbyhøvdingen og ei utsending frå ordføraren var med på heile gudstenesta. Dei er muslimar, og det var spesielt å vere ilag med dei under Tom si preike. Han fortalte mellom anna om ein konvertert muslim som vi kjenner, og korleis han opplever å verte innlemma i den kristne kyrkja.
Landsbysjefen kom med ei helsing der han takka spesielt ungdomen i Thello for innsatsen under arbeidet med kyrkjebyginga. Og han ville, til stor undring, bidra med pengar så dei kunne legge sement oppå jordgolvet. YOWA!
Ikjke alle fikk plass inne, men dei fulgte nøye med gjennom dei opne vindauga.



Desse to jentene ville gjerne bli fotograferte, og kven kan vel motstå slike nydelege fjes?

Etterpå var det fest. På skikkeleg, afrikansk vis!
Alltid mykje og god mat, og brus i glasflaskar.....

Til slutt må vi få vise fram hanene som vi fikk i avskjedsgåve, jentene våre ville kjenne kor tunge dei var.
PS: dei er høgst levande!



  • Comments(0)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.