nytt

nytt

many more to go...

bloggPosted by T. Tomren Monday, May 30 2011 23:24:35
Siste gong ilag med Femmes pour Christ, region centre,
(Kvinner for Kristus, månadleg regionalsamling)

Der har eg (Trude) vore og halde bibeltimar kvart semester. Det er ei spennande gruppe å jobbe med, dette er damer med futt!

Ein liten bilete-presentasjon av siste tur, til Youkou eit par mil utanfor N'gaoundéré:
Mor til Elise Balomog, som eg går i FpC-gruppe med kom og henta med heime, for å vere heilt sikker på at eg ikkje kjøyrte meg vill.


Sjå, og nyt den fine nyopparbeidde vegen ut til Youkou! Reine autostradaen, iallefall i forhold til korleis den var før...


Det er ingen grenser for kor mange damer det går i ein Hilux....



Og alle er like blide! Desse damene sang heile vegen heim. Heldigvis skulle dei av før vi kom til politiet sin kontrollpost rett utanfor byen.


Då satsar vi på å sjåast att snart! Dette skiltet står i krysset inn til hovudvegen til N'gaoundere, og eg trur det sto der for å trøyste meg.

  • Comments(0)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.