nytt

nytt

Generalsynoden i EELC unnagjort!

bloggPosted by T. Tomren Monday, May 09 2011 00:42:44
Onsdag 4. mai starta EELC sin "Synode Général" i Bétare Oya, fleire timars kjøyring sør for Meiganga.
Denne generalsynoden liknar vårt Kyrkjemøte i DnK, og det vart avslutta i dag, søndag.

Der har det vore diskutert mykje og mangt, og hovudtema har vore "forsoning". Vi har før nemnt at det har vore gnisningar i og rundt kyrkja, og naturleg nok var dette naudsynt å ta opp på generalsynoden.

Det vart mange samtaler, bibeltimar over temaet, og på laurdag var det val av ny generalsekretær i EELC.
Den nye leiaren er Hamidou Djulde, rektor på eit collège i den nordlegaste regionen i Kamerun. Ikkje mange av misjonærane kjenner han, så det skal bli spennande å få treffe den nye generalen!

Det er ikkje så lenge til vi vender nasen nordover no, og Tom vart takka skikkeleg av som lærar i Meiganga og som prest i Sikhem. Han vart tildelt eit nytt namn:

REVIENS!
Det er fransk, og tyder "Kom tilbake"


Ein annan spesiell sak som vart tatt opp som bøneemne på synoden:
Aboutoukar Bello, ein av katekistane, hadde fått ei spennande melding frå ein av landsbyane i distriktet sitt, Febadi.
Landsbyen ligg i eit muslimsk område.

5. mai hadde den vesla staden fått uventa gjestar. Det gjekk rykter om at fleire hadde vorte kristne i landsbyen, og dette skulle sjekkast. Konvertering frå islam er som kjent ikkje særleg populært!
Tre bilar med muslimske leiarar kom denne torsdagen.

Dei delte alle vaksne inn i mindre grupper, og starta undersøkingane. Kvar einskild måtte gjere greie for kva religion dei no tilhøyrte. Dette skulle kunne skremme nokon kvar, og dei rekna nok med at dei fleste ville kalle seg muslimar. Men slik gjekk det ikkje!
Heile landsbyen, så nær som to familiar, erklærte seg kristne.

Vi veit førebels ikkje så mykje meir, men innbyggjarane risikerer represalier, og ventar i spenning på reaksjonane frå dei muslimske leiarane.



På avstand er det ikkje så mykje anna å gjere enn å be.

  • Comments(0)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.