nytt

nytt

barn hjelper barn II

bloggPosted by T. Tomren Friday, November 27 2009 12:16:25

Elevane på DNSK (den norske skulen i Kamerun)har hatt nokre travle dagar. Dei måtte til og med få utsett gloseprøver og andre uvesentlege detaljar, for dei hadde viktigare ting fore:

Innsamling av pengar til AIDS-prosjektet!

Elevane samlar kvart semester inn pengar, deretter vert det handla inn varer, og så vert dette delt ut til ungane i prosjektet. Kvar unge får ris, olje til matlaging, såpe, og litt skuleutstyr som dei tar med seg til familien dei bur hjå. Dette er ungar som er ramma av AIDS ved at foreldra er døde, eller dei er så sjuke at dei ikkje lenger kan ta seg av borna sine.

I går var det ettermiddag-aktivitet på skulen: bowling, svampekasting, sekkeløp, blikkkboks-blinkar, og kafé.

Alle norske var invitert, derimellom sju sjukepleiarstudentar som skulle reise med toget same ettermiddag. Men dei tok seg tid midt i reisefeberen, og bidrog godt til at det kom inn over 150 000 FCFA (Nesten 2000 nok)

At ”elevane” denne hausten er bare våre tre største jenter, pluss Theodor som går i fyrste klasse på Amity, var slett ikkje noko hinder!

Her er det fire av sjukepleiarstudentane som tar farvel med kokka si, Emilienne, turistsjef Lena, og "Blåmann".


TAKK til alle deltakarane, og god reise heim til studentane!

  • Comments(0)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.