nytt

nytt

Two down, many more to go!

bloggPosted by T. Tomren Sunday, May 29 2011 23:18:35
Vi snakkar sommaravslutningar.


No byrjar det å gå opp for oss at det går mot heimreise!
Tida framover vert veldig vemodig, samtidig som vi kjenner stor glede over at vi har fått vore med på mykje spennande.
På tysdag hadde døveskulen avslutning og utdeling av vitnemål, og vi tok høgtideleg avskjed med små og store. Det er heilt utruleg kva som har skjedd på tre-fire år, og vi er stolte og glade over flotte elevar og tilsette på skulen. Neste år skal den første eleven prøve seg på avgongseksamen for grunnskulen, og vi kjem til å fylge spent med!

Her er Tom og nokre av elevane i 5-teikns-bøna:


Eliane, Angel, Benedicte, og Amos skal drive prosjektet vidare, og det vil dei greie heilt flott. Maleko vert med som "assisterande teiknspråkkonsulent".
Her er ein del av gjengen samla til familiebilete.

Noko av det som gler oss mest med denne fasen av prosjektet, er at foreldra engasjerer seg i døveskulen. Dei har oppretta ei eiga interessegruppe, og den er skikkeleg organisert og meldt inn til styresmaktene.
Dette gir ein ekstra tryggleik i døvearbeidet, vi veit at uansett kva som skjer, vil foreldra vere der for borna sine. Og det er ikkje sjølvsagt i Afrika, der mange må velje kven av ungane som skal få gå på skule.

Ei mor som har to gutar på skulen, var bare eit einaste stort smil etter at elevane hadde opptrådt på avslutninga:
"Eg hadde aldri trudd at den eldste sonen min (Honoré) skulle greie å lære å lese og skrive. Men han er best i klassen, og no har veslebroren hans òg starta på døveskulen. Nei, dette hadde eg aldri trudd....."

Men det er muleg, til og med i Afrika!


  • Comments(0)//blogg.tomren.info/#post204