nytt

nytt

Stol på døveskulen!

bloggPosted by T. Tomren Sunday, May 01 2011 18:02:04
Det vart stol på stol på døveskulen no i april.

Alt skulle ha vore klart like etter vinterferien, men så vart det forseinkingar.
Ting tar tid i Afrika, og det røyner på tålmodet sjølv for ein treig romsdaling...
Men no er mange fine krakkar på plass i undervisningslokalet til døveskulen!

TAKK til alle som har vore med og bidratt, enno ein gong.
Spesielt må vi sende ei helsing til barnekoret "Perla", som hadde konsert med Hans Inge Fagervik, og sendte 5000 nok. av billettintektene til døveprosjektet.
Kjempeflott!

Vi helser med nokre bilete frå påskeveka, som er vanlege undervisningsdagar her i Kamerun. Elevane har fri berre langfredag, ikkje ei heil veke som i Noreg.
Men dei er ikkje lei seg for det; her er elevane glade for kvar dag dei får undervisning, då vert dei jo enno flinkare!




Her er dei yngste elevane på plass ved "stor-bordet", ilag med to av lærarane.

Dei ventar enno på sitt eige bord, og sine eigne krakkar, som kjem "snart". Og det er så snart som det er ferdig, kva tid det no måtte bli!

Påskegjester:

Else Karin og Thor var med på døveskulen denne dagen, og vi nyttar høvet til å takke for at dei tok seg turen til Kamerun for å helse på oss. (Trude sin onkel og tante).

Dei har fått med seg mykje av livet i Nord-Kamerun, både turar i nærområdet, safari i Bouba Ndjida, og langdag med bush-presten. Og dei har vore veldig sporty!

Siste dagen i N'gaoundere fikk tante Else omvisning på sjukehuset, som står i grell kontrast til arbeidsplassen hennar som norsk sjukepleiar:
Her er kjøkkenet, der dei pårørande lagar mat til den sjuke.
Om du vert lagt inn som pasient på sjukehus i Kamerun, er du heilt avhengig av hjelp utanfrå. Mat, medisinar og sengetøy må du (eller familien din) skaffe sjølv, og du betalar leige for rommet på avdelinga. Dei som har dårlegast råd, må ligge på salar.
Og standarden er nok ikkje som i Noreg:
Men bare så det er sagt, dette er det FINE sjukehuset i N'gaoundere. Det er drive av den lutherske kyrkja, EELC.
Det er eit offentleg sjukehus i byen òg, der standarden er enno lågare.

Det er aldri kjekt å vere sjuk, men vi trur nok det er betre å vere sjuk i Noreg.....

Else Karin og Thor har tenkt å arrangere ein Kamerun-kveld på bedehuset i Molde etter at dei er trygt landa heime, og har fått mykje inspirasjon på dei to vekene i Kamerun. Fleire NMS-prosjekt kjem nok til å profitere på dette :)

På verandaen vår har det vore ein god del sudoku-løysing, fuglar har blitt fotograferte, og brannsår blitt forbunde:
Rachel, ei ung dame som sel frukt på stasjonen, hadde fått kokande vatn på foten sin. Ettersom doktor Rune var på ferie, fikk Else Karin bruke litt av utstyret ho hadde tatt med frå Molde. Og foten er mykje betre no!

  • Comments(0)//blogg.tomren.info/#post202