nytt

nytt

Han er sanneleg oppstanden!

bloggPosted by T. Tomren Monday, April 25 2011 18:55:15
Vi har feira påske i Thello og Tourningal i år.

Om du aldri har vore i Afrika, er det vanskeleg å førestille seg korleis det er på ei festgudsteneste 1. påskedag, men vi skal prøve å formidle dette likevel:



Påskedagen 2011 fulgte heile familien med pappa på jobb. Else Karin og Thor (Trude sin onkel og tante) fikk med seg gudsteneste i både Thello og Tourningal, og dagen vart svært så minnerik:
med dåp, konfirmfasjon, nattverd, og diverse innsamlingsaksjonar der det vart defilert og dansa inn med både pengar, klede og matvarer, kjem gjestane våre ikkje til å gløyme så lett at dei har vore på skikkeleg afrikanske gudstenester...

Vegane innover til Thello-området er temmeleg humpete og sleipe no når regnet har starta, og sjølv den tøffaste vestlending får kjørt seg..bokstaveleg talt!

I tillegg til dei vanlege gudstenestane var det som vanleg matservering på kvar plass, og Tom måtte vere meklar i ein konflikt i Tourningal.

Siste økta måtte jentene våre få eit lite friminutt, og spiste påskegodter medan dei såg på film i bilen.
Der kosa dei seg medan stormen herja utanfor, og tromminga på bølgeblekk-taket gjorde gudstenesta særprega. Tom og evangelist Daniel måtte rope den vesle halvmeteren fram til konfirmantane, for at det skulle vere muleg å oppfatte eitt einaste ord. Og så satsar vi alle på at dei tre gutane svarte det dei skulle, vi andre høyrte bare tromminga av regnet.

Før vi fòr heim att i kveldinga, fikk vi deilig mat hjå leiaren i kyrkjelyden i Tourningal.

Det vart ein dag proppa full av song, dans og glede, god mat og mange minner.

  • Comments(0)//blogg.tomren.info/#post201