nytt

nytt

Livet går vidare.

bloggPosted by T. Tomren Sunday, April 10 2011 01:01:17

Vi er så heldige å ha to flotte damer til å hjelpe oss i huset.

Dei vaskar hus, lagar mat, vaskar og stryk klede, og stuller og steller rundt oss så vi blir heilt skjemt vekk. Madame Haoua er den store MOR i huset, ho har hovudansvaret for kjøkkenet, og er rundt 60 år. Ho er ikkje heilt sikker, men i papira hennar står det at ho er fødd ”rundt 1951”.

Dissa er ”bare” Dissa. Ettersom ho er nokre år yngre enn oss arbeidsgjevarane, kallar vi henne ikkje Madame. Slik er det bare. Ho er engelen med kost og klut, og no siste året har vi funne ut at ho i tillegg er den reine gourmet-kokken.

(Første året vi var her var ho "passedame" for Kristin og Elias, men fortsatte som hushjelp hjå oss då familien Madland drog heim)

Det blir veldig rart å skulle reise ifrå desse to flotte damene etter fire år. Vi har hatt mange gode samtaler på kjøkkenet, og gjennom dei har vi fått eit lite innblikk i afrikanske kvinner sine utfordringar.

Den viktigaste grunnen til at vi no vel å dra frå Kamerun, er alderen på jentene våre. Dei to største er på god veg inn i tenåra, og som kvit jente er det ikkje heilt enkelt å utfalde seg her sør.

Sjølv om dei skulle ynskje dei kunne halde på jobbane sine lengre, skjøner Dissa og Haoua godt at vi vel å reise no. ”Om eg kunne, ville eg ha sendt mine jenter til Europa, så dei kunne finne seg nokon å dele livet med der. Det er ikkje lett å finne ein god ektemann her.” Ho veit kva ho snakkar om, Madame Haoua.

Ho har vore gift tre gonger. Første mannen nekta faren å godta, så han måtte flytte etter at eldste dottera var født. Den andre var valdeleg. Men som ho seier sjølv: ”eg er ikkje ei slik kvinne som finn meg i å bli slått.” Det å oppleve vald er ikkje grunn nok til å gå ut av ekteskapet her i Kamerun, men Haoua tok kampen med familiane, og gikk med rak rygg ut av forholdet. Heller det enn å gå til grunne. Etter tre ekteskap har ho fått ti born, ni av dei lever enno. Og barnebarna har ho ikkje heilt tal på …12, eller 13, kanskje? Nei, eg trur vi seier 14.

Dissa har hatt andre utfordringar. Ho fikk seg ein staut mann, som var glad i både henne og dei 3 ungane. Men då yngstemann var 11 månader, vart han dømt for underslag på jobben. 10 år i fengsel vart straffa. Han har heile tida hevda seg uskuldig, noko påtalemakta ikkje har likt særleg godt. Då han hadde sona dommen ferdig i 2009, fikk han to års tilleggsdom, truleg fordi han ikkje ville betale tilbake pengane. Som han jo ikkje hadde.

Likevel, denne våren har Dissa turt å gle seg til at han skulle få kome heim. Etter det ho hadde høyrt, ville dei ikkje gje han fleire tilleggsår.

Men så skulle det ikkje gå slik. Fredag morgon kom Haoua på jobb med tårer i augo. ”No har ulykka ramma oss!”

Ousmanou, som mannen til Dissa heitte, døde på veg til sjukehuset seint torsdag kveld. Bare nokre månader før han skulle sleppe fri. No har det vore to dagar med tårer, og ein heil haug med praktiske utfordringar. Fengselet er i Mokolo, heilt nord i Kamerun. Og å få frakta den døde sørover frå fengselet, skulle vise seg å vere alt anna enn lett.

Men etter mykje om og men ser det ut for at det vert gravferd i morgon, dersom ikkje det skjer eit uhell på vegen. Oumbretta, dotter deira, er venninne med Marianne. Ho var heldig og fikk vere med på fotballturnering i Limbe, og skal etter plana kome heim i dag, laurdag. Vi ber no, om at alt må gå bra for dei reisande.

(Oppdatering søndag: Alle er vel framme i landsbyen, og dei får følge sin bror, son, mann og far til grava.)

Vi veit ikkje når Dissa kjem på jobb att. Etter gravferda skal svigermora kle henne i sørgeklede, og seie kor lenge sørgetida skal vare. Heile neste veke må ho uansett sitte på golvet heime i N'gaoundéré, og ta imot alle som kjem for å kondolere. Etter det får vi ta ein dag om gongen.

Livet er hardt i Afrika, men for nokre av oss går det vidare. Og på eit underleg vis er det godt å vere ilag i sorgen.

Døden rammar ikkje bare afrikanarar; det er ikkje lenge sidan vi sørga over ei venninne i Noreg. Vener og kollegaer her i Kamerun har vore med i bøn for henne og familien, og dei sørga med oss - i undring over at ho ikkje kunne bli frisk att. Sjølv om ho var kvit.

Om vi bur i Noreg eller i Kamerun, har vi det same håp om evig liv.

Om vi lever eller dør, høyrer vi Herren til.

  • Comments(1)//blogg.tomren.info/#post199