nytt

nytt

TAKK OG TAKK!

bloggPosted by T. Tomren Tuesday, March 22 2011 20:27:23

DNS-elevane sin aksjon på facebook har vore ein stor suksess, og mange har sett poenget med å støtte døveundervisninga i N’gaoundéré.

Fem kjekke damer frå Harøya har garantert for pengar til stolar og bord, så vi har forskuttert betalinga, og sett i gang.

Snekkar Désirée har så langt laga fem bord, og vi må nok til med litt fleire etter kvart. I morgon skal det målast arbeidshøgde for elevane, så jobben med stolane kjem i gang så snart som råd.For å vere heilt nøyaktig er det ikkje stolar, men krakkar dei skal sitte på.

Elevane er strålande nøgde, og stolte over dei fine borda:

Dei yngste elevane brukar enno eit temmeleg dårleg eksemplar av eit bord, men er trygge på at dei òg skal få sitt eige om nokre dagar. Ingen sure miner her, nei:



Dei tre flotte damene som underviser:

Eliane Djobdi er teolog, og leiar undervisninga i tillegg til å jobbe på SEDUC, skuleadministrasjonen i EELC. Angel Patouma og Venance Noupeye har anna utdanning, men lærer seg teiknspråk undervegs. Dei imponerer stort !

Til hausten kjem Amos Ounsoubo attende frå Yaoundé etter tre års utdanning i teiknspråk, og skal ta over leiinga. Då er det Eliane som drar sørover for å verte skulert, ho tar sikte på å verte døveprest. Dei to andre lærarane må førebels nøye seg med sommarkurs, og læring gjenom videoar og ordbøker.

Dersom det vert noko overskot frå innsamlingsaksjonen, går dette til anna materiell i klasserommet, og eventuelt òg til skuleringa av personalet.

Ei stor takk til alle dykk som er med og støtter dette arbeidet!

  • Comments(3)//blogg.tomren.info/#post196