nytt

nytt

det ordnar seg....

bloggPosted by T. Tomren Thursday, March 03 2011 12:51:47

Før jul gjorde vi i Education Chrétienne ferdig søndagsskuleboka for 2011. Det vart mange seine kveldar utover hausten, og mange diskusjonar rundt sluttføringa av prosjektet. EC er avhengig av støtte frå NMS og ELCA (den amerikanske lutherske kyrkja), og no i haust vart det varsla kutt, eller forseinkingar, i bidraget frå USA.

Og utan pengar, vert ting plutseleg meir kompliserte.

Men alt kan løysast, om ein bare tenker seg litt om! Og om ein har gode medarbeidarar.

Etter fleire overslag fann vi ut at det var muleg å få til ei billegare løysing for trykkinga, og med litt frivilleg innsats frå fjern og nær, ville materiellet likevel komme ut i tide. Og ”i tide” ville seie før jul, så søndagsskuleleiarane rundt om i landet kunne få tak på materiellet før det nye året starta.

Arbeidet hadde stoppa litt opp i mangel på pengar, men i byrjinga av desember vart det fart i sakene!

Teikningar, siste finpuss av tekst, kopiering, kapping, bretting og stifting skjedde i ein fei! Gode kollegaer stilte opp og hjalp til.

”Ça va aller, on est ensemble!” ( ”Det ordnar seg, vi er saman!” )

Vi er i Afrika. Det hender jo at ting skjærer seg i Noreg og, men kanskje ikkje fullt så ofte på den tekniske sida som her i Kamerun...

Da kopimaskinene til EELC og NMS kollapsa, fikk vi hjelp frå DNS. Og når trykkinga flaska seg til, kom gutteklubben frå kontrollavdelinga til unnsetning.

Der teknikken sviktar er det menneskelege ressursar ein må satse på. Og menneskelege ressursar, det er det flust av her i Afrika. Dei er mange, og dei stiller opp.

Dette er ein hyllest til gode medarbeidarar i Afrika:

Bernatte, min kjære rom-kamerat på administrasjonen. Konsulent i språk og kultur.

Sjefen min, reverend docteur Ngah, sjekka ortografi og språknivå, og fann den teologiske tilnærminga godkjent. Heldigvis.

Jacob og Bruno, gutta på kontrollavdelinga som får til det tekniske. Alt går!

Jean-Christophe, som stilte kopimaskin og lillebror Desiré til disposisjon, og som hjalp til med innkjøp av diverse materiell. (Desiré har eg dessverre ikkje bilete av.)

Thomas på arkivet, alltid smilande til hjelp, det vere seg tekniske ting, eller bøn.



Det var nokre kvite med på laget òg, som må nemnast...:

Marianne (teiknar) og Pauline, som var kutt-og-klipp-medarbeidarar for teikningane. Helene, sviger-kusine-syster, som viste seg å vere ein kunstnar med blyanten. Brit, slave for meg of Bernatte i EC, klipp-og-kutt-medarbeidar, og teiknar. Øystein og Benjamin, flinke til å kutte-og-klippe! Og Tom sjølvsagt, som har hjelpt til med oppgåver, og teologiske råd. Marit var tilfeldigvis opptatt med andre oppgåver....

Jofrid får representere DNS, ettersom ho var så gild å sleppe meg inn på skulen medan rektor og lærarar var vekke, og sidan ho har ein arbeidsplass som ikkje synest så godt. Men ho er her; takk for det!

Med god hjelp, kan ein få til det meste…


  • Comments(0)//blogg.tomren.info/#post195