nytt

nytt

Tid for bøn...

bloggPosted by T. Tomren Wednesday, February 23 2011 11:10:48

Det er uroleg i delar av verda for tida. Mange uroar seg òg for Kamerun si framtid, ettersom det er presidentval til hausten. I februar for tre år sidan var det opptøyer sør i landet, i samband med Paul Biya sitt forslag til grunnlovsendring som ville tillate han gjenval på livstid.

Biya har vore president sidan 1982.

Kamerun er eit land med nesten 200 forskjellige etniske grupperingar, men ingen av dei er så folketallige at dei har fått særleg politisk makt. Det er kanskje ein av grunnane til at det har vore såpass fredeleg i landet?

Så langt ser det ikkje ut for at opposisjonen (Social Democratic Front) har mange nok med seg til å få til presidentskifte. Leiaren for partiet, John F Ndi, hadde før jul eit TV-overført møte med presidenten, og det såg ut til å vere ein god tone dei imellom. Men ytterleggåande fraksjonar av opposisjonen oppmodar til protestar, i form av demonstrasjonar i gatene. Dei meiner at Biya sitt parti har litt for god kontroll på stemmerutinene, og at dei vil misbruke dette til å ”sørge for” attval. Det vil fort kunne bli uroleg i Douala og i Yaounde no i slutten av februar, som ei markering av opptøyene for tre år sidan.

Vekene før valet, som ser ut til å verte ramma til oktober/november, vert òg spennande.

Leiinga i EELC har stadig hatt situasjonen i Kamerun oppe som bønetema i morgonandakten. Det har òg gått ut eit fellesopprop frå alle kyrkjene i Kamerun der folk er oppmoda til å be om fredelege løysingar på dei politiske spenningane

Ver med i bøn for fred, særleg for landa i Afrika og Midt-austen.

Den som ber, krigar ikkje!

(Biletet er frå førebuingane til ei fredeleg defilering 8. mars i N’gaoundéré)

Under er det lagt ved eit presseklipp frå CRTV, Kamerun sin største, og statleg styrte, Tv-kanal. Teksten oppmodar til å ikkje demonstrere eller streike til minne om martyrane frå 28.02.08.



Des tracts appellent à une marche, les pouvoirs publics appellent à l’apaisement !

Des initiatives et des appels à l’apaisement, les acteurs de la vie socio politique se mobilisent pour rassurer les populations par rapport au climat social dans le pays. Le ministre de la communication a donné à cet effet une conférence de presse ce jour.

A Douala, la ville a été inondée de tracs. Certains invitent les habitants de la ville de Douala à marcher tandis que d’autres tracs invitent les populations à sauvegarder la paix dans notre pays.

On peut craindre en effet que la « semaine des martyrs » organisé par une frange de l’opposition à la mémoire des victimes des émeutes le la faim du 28 février 2008 ne dégénère et que l’histoire ne se répète de façon tragique.


Isabelle ESSONO, Rédacteur en Chef. (CRTV)

  • Comments(0)//blogg.tomren.info/#post194