nytt

nytt

Lyst på noko nytt?

bloggPosted by T. Tomren Friday, February 18 2011 11:23:15
Vi var i bibelgruppe i går kveld, og snakka atter ein gong om kor mykje ein får for pengane her i Kamerun, når vi samanliknar med Noreg:

-Dagleg medisin til ein hjartepasient i Noreg kan fø ein heil familie her i eitt år.
(Og då snakkar vi om 10-15 familiemedlemmar....minst.)

-Ein tur til frisøren ..... er fire månadsløner for ein vanleg arbeidar her i N'gaoundere.

-Til prisen for ein salong i ei norsk stove kan vi fylle ein heil skule med pultar, stolar og tavlar.

Eg har ikkje bruk for ny salong akkurat no, men vi treng stolar.

Det har vore ei utruleg utvikling for dei døve i regionen vår dei siste åra.
EELC si døveundervisning har mellom anna fått veldig greie lokaler i byen, like i nærleiken av Sentre Socio (skule for unge jenter).
Mme Missa, Esther som er rektor på senteret, har vore så grei å låne ut stolar og bord til dei døve elevane. Dei må sjølve hente dei kvar morgon, og levere dei når skuledagen er ferdig, men det gjer dei med den største glede.
Dei har jo sin eigen, orntlege skule!

Her om dagen lurte Esther på om det i overskueleg framtid ville vere mogleg å skaffe eigne stolar til døveskulen. Det har vore ein viss slitasje på stolane deira med denne flyttinga fram-og-tilbake. Eg trengte ikkje sjekke budsjettet for å svare;
det er bare såvidt pengar nok til å betale ut løn til lærarane.

Etter påske er alt meir usikkert, då veit vi ikkje heilt kva skulen har å rutte med.

Oppfordringa i dag er veldig enkel:

Vil du kjøpe deg ein ny stol og ein pult, i Kamerun?

Og vi skulle så gjerne hatt fleire faste givarar, så det vart lettare å sette opp budsjett.

Kunne du tenke deg å støtte prosjektet?

Pengane sendast til NMS, med kontonummer: 8220 02 85030
(merk innbetalinga med prosjektnummer 621 498)

  • Comments(1)//blogg.tomren.info/#post193