nytt

nytt

tenner og briller....

bloggPosted by T. Tomren Monday, February 07 2011 12:16:29

Ein kan planlegge heile almanakken full, men så skjer det heilt andre ting enn ein hadde tenkt.

I dag, til dømes, skulle det ha vore ein lang arbeidsdag framfor datamaskina. Så vart det opp sjukehusvegen i staden.

Det er der vi går når vi skal handle litt småtteri, ettersom det er den nærmaste marknaden. Og det er der vi går når vi har helsemessige utfordringar. I dag hadde vi bare tenkt oss ein liten ettermiddagstur opp for å hente briller til Sunniva, som har vore plaga med hovudverk ei stund.

Etter fleire runder med malariatesting, tenkte vi det var lurt å sjekke synet. Og ganske riktig; med korrigering av dei skjeive hornhinnene hennar, vil nok hovudverken forsvinne. Sunniva har ønska seg briller lenge, så ho var hoppande glad for dette!

Men så var det den arbeidsdagen som forsvann...

Ein liten stein i brødskiva til Pauline på søndag, saboterte arbeidsdagen på måndag..

Ein av jekslane hennar vart kløyvd, og vi måtte opp no på morgonen for å søke hjelp hjå Omarou, den koselegaste tannlegen i heile Afrika. Vi hadde ikkje den heilt store panikken, for det var ei melketann, men å gå til tannlegen her i Kamerun er likevel litt vel spennande. Omarou er utdanna på odontologen på Haukeland, og er veldig flink, men utstyret dei har her på tannklinikken, er antikvarisk. Heldigvis var tanna bittelitt laus, så det var ein enkel sak å trekke den delen som var att i munnen.

Pauline lukka augo for ikkje å verte redd for sprøyta, og det var godt! Det var ei skikkeleg vaksa metallsprøyte, av den riktig gamle sorten.

Må ein, så må ein.

(Om de ser godt etter, kan de sjå sprøyta heilt fremst i biletet, med gul "tupp")

Vi takkar Gud for kvar dag vi legg oss og alle er friske og raske!

  • Comments(1)//blogg.tomren.info/#post192