nytt

nytt

EELC i vekst!

bloggPosted by T. Tomren Thursday, January 20 2011 12:12:19

Stadig nye medlemmar kjem til i EELC, både born og vaksne.

Søndag 19. desember var vi på gudsteneste i Thello. Denne søndagen var det stor variasjon i alder på dåpskandidatane:

Sjølv om vi norske syntest det var mest fascinerande å sjå korleis ei mor handterte to småjenter til dåp på ein gong, var det nok David (Tom sin fetter, eller bror, som vi seier her i Afrika) som vakte mest oppsikt i kyrkjerommet. Og det var ikkje alderen som forårsaka dette, vaksendåp er dei vande med i Kamerun.

Men det er fyrste gongen ein kvit mann er døpt i Thello-området, i alle fall så vidt vi veit. (No har vi sjekka med Thomas i arkiv-avdelinga til EELC, og han kan ikkje finne at det tidlegare har vore døypt nokon norske vaksne her i kyrkja.)

David var medlem av mormonarsamfunnet som barn, men meldte seg ut i ungdomstida.

Han og kona Helene er knytt til Den norske Kyrkja, og begge døtrene deira er døypte der.

No ville David gjerne verte medlem i DnK på skikkeleg vis. Og så kunne han godt tenke seg å verte døypt i Afrika. Kanskje dette kunne la seg kombinere med juleferien dei hadde planlagt i lang tid?

David og Tom hadde fleire telefonsamtaler, og Oslo Bispedøme vart konsultert om overgongen frå mormonarsamfunnet. Til slutt vart det avgjort at dåpen skulle gå føre seg i Kamerun.

Det var ei stor glede og ære for oss å få vere med på denne dagen!

Den vart spesiell på mange vis; kor mange av dykk har ete couscous til dåpsmiddag, i eit jord-hus, og hatt kaffien på ein så flott stad som Thello-fossen?

Og det er vel heller ikkje så mange nydøypte som får dei to øvste kyrkjeleiarane som gratulantar på døra?

Biskop Nyiwe og visebiskop Foumgbami kom innom for å helse på sitt nye norske medlem, dei syntest det var moro at David skulle reise heim att og melde seg inn i DnK med Kamerunsk dåpsattest.

  • Comments(3)//blogg.tomren.info/#post191