vigsling
bloggPosted by T. Tomren Sunday, February 07 2010 17:16:30I dag har vi vore i Bethanie, ei kyrkje inne i N'gaoundéré sentrum. Madame Haoua som jobbar hjå oss som kokke, er vigsla til "eldste" i kyrkjelyden, og det måtte vi få med oss. Det er ei stor ære å verte peika ut til denne oppgåva.
Madame Haoua har budd seg på denne dagen i lang tid, både med øvingar på sjølve handlinga i kyrkja, og praktiske ting til festen.
Det å vere eldste i EELC minner litt om oppgåvene ein har i sokneråda (menighetsråd) i Noreg. Men dersom du ikkje oppfører deg skikkeleg, blir du satt "under disiplin"; irettesetting av presten, og som regel nattverdsnekt.
(..det gjeld forsåvidt ikkje bare dei eldste, men kan skje alle medlemmar av kyrkja.)
Her er det fast tradisjon å kjøpe fine, kunstige blomar som helsing ved kyrkjelege handlingar. Importert frå Kina...

Motivasjonen for minstetrollet vårt var stor; når ho vart uroleg under gudstenesta, minte vi henne bare på at "om du sitt fint, skal DU få gje Haoua blomane!"
..ei oppgåve ho tok på seg med stort alvor.
Når det er stor dag, så er det verkeleg stor dag i Kamerun. I dag har vi vore med på vigsling av eldste, vigsling av diakonar, dåp, konfirmasjon... alt dette i ei gudsteneste. Vi ga oss før nattverden.
(Eg tok hintet då ei dame tilbaud seg å ta våre to yngste med seg ut...)
Dåpsbarnet, derimot, oppførte seg eksemplarisk. Han var eit einaste stort smil, heile guten; tydeleg stolt. Her tar han seg saman til ære for fotografen:

Her er heile troppen: kandidatar til eldste-rådet, og dei som allereide er vigsla. Haoua er legst til venstre i biletet, med kvitt skaut.


Etter vigslinga braut jubelen laus, og alle 7-800 i kyrkja song og dansa. Det er vanskeleg å formidle korleis det kjennes å vere ein del av dette fantastiske fellesskapet, så de får komme og vere med!
Her er det Dissa som jublar og dansar for Haoua. Ho er og tilsett hjå oss.
(Ja, vi òg synst ho liknar ei katolsk nonne...men det kor-habitten hennar =)Like bortanfor oss sat ein liten gut som kanskje har tenkt å bli lyd-teknikar? Han dytta litt forsiktig i spakane, heilt til det vart oppdaga.....han var så skjønn, at vi synst han måtte få vere med på bloggen.
- Comments(1)http://blogg.tomren.info/#post164











