Liv og død i Afrika
bloggPosted by T. Tomren Wednesday, January 27 2010 13:50:09Her i Kamerun går livet og døden hand i hand.
Kvar dag startar arbeidet på sekratariatet i EELC med morgonandakt, informasjon og bøn. Bøn for sjuke og sørgjande, lov og takk for gledelege hendingar, djup takksemd for dagleg brød, og for reisande som er heime att utan uhell på vegen.
I går var vi endeleg fulltallige att; store delar av staben
har vore ute på turné. Alle hadde hatt positive opplevingar, og kom heim med helsingar frå ei kyrkje i vekst.
Likevel var stemninga ikkje så høg som den vanlegvis ville ha vore.
Fleire av oss har vore små turar på sjukehuset den siste tida, for å sjå til Lucie, kollegaen vår. Både ho og dottera, som er AIDS-sjuke, har vore mykje dårlege.
Det er enno ikkje eitt år sidan vi sørga med henne då ho vart enke. Og før vi kom til Kamerun, hadde ho mista eldste dotter si.
I går kveld orka ikkje Lucie meir. Ho skulle ha blitt 33 år i mai.I dag drog vi rett frå morgonsamlinga, nokre-og-tjue frå kyrkjeadministrasjonen, til Lucie sin barndomsheim i Bamyanga for å vere ilag med familien hennar.
Det gjer så vondt, så vondt å sjå dei to bestemødrene som
sit att, mor og svigermor. Vi veit alle saman at vesle Juliette
på 8 år ikkje får vere hjå dei særleg lenge.
Men vi er i Afrika.
Her har ein ikkje eit minutt å miste av livet. Vi gret, syng og ber ilag med familien, og biskop Nyiwe held ei andakt.
Han les frå Salme 23, og snakkar om Lucie som har hatt mange
stunder i Herrens grøne enger. Han deler sine minner med oss, og peikar på løftene hjå Salmisten: når vi treng det, skal vi få kvile og nye krefter. Og så snakkar han om dødsskuggens dal.
For meg har han ei ny vinkling på dette temaet:
Vi vandrar stadig i dødsskuggens dal. Kvar dag er den rett
utanfor stovedøra; når vi er sjuke, når vi er ute på reise, og vi veit aldri når vår time er kommen.
Men Herren er med oss!
Vi skal få leve kvar dag, kvar time, i visse om at Han er tilstades. Og livet, som bare er som eit pust, er ein smak av Livet som kjem etter døden. Livet saman med Gud. Det er dette som ventar Lucie no.
Eg tørkar tårene, pussar nasen, og møter blikket til
Bernatte. Min kjære kollega har kjent Lucie frå dei var heilt unge, og eg veit at
denne dagen er tøff for henne. Men vi ser på kvarandre, og smiler.
Livet i Afrika er hardt. Likevel, midt i sorg og smerte kjenner vi at vi LEVER!

Skoene utanfor døra er for meg eit bilete på fellesskapet: når noko hender her i Afrika, kjem det alltid nokon til deg for å dele gleden, eller sorga.
Vel heime ved middagsbordet, trekk eg pusten djupt.
Takk Herre, for denne stunda ilag med mine kjære. Lær meg å nyte kvart sekund.
- Comments(4)http://blogg.tomren.info/#post163

