...og GODT NYTT ÅR!
bloggPosted by T. Tomren Monday, January 18 2010 21:32:19Vi har starta 2010 med ei reise Kamerun rundt. Mormor og morfar kom sørover til jul, og med deira økonomisk assistanse har vi hatt ein flott tur i sør-vest-Kamerun.
Vi hadde høyrt mykje om Limbe med vulkansk sandstrand (svart), og Kribi med skjellsand (kvit). Valet falt på Limbe, og Seme Beach, rett ved kjelda til Semme flaskevatn. Kamerun sitt svar på Farris!
Og det var akkurat så deilig og varmt som biletet gir inntrykk av...

Ein superferie for både besteforeldre og barnebarn, med slaraffenliv på stranda og god mat, og spennande ting å sjå. Sultanen sitt museum i Foumban, til dømes.

No har vi tatt heile rundturen, vi òg:
N'gaoundere-Meiganga, Meiganga-Meng, Meng-Foumban, Foumban-Limbe, Limbe-Yaoundé, Yaoundé-Meiganga, og til slutt heim att til stasjonen i N'gaoundéré.


Etter å ha feriert skikkeleg, reiste vi frå besteforeldra i Yaoundé, der dei venta på flyturen heim. Vi drog vidare til Meiganga for ei veke med undervisning av studentar og ektefellene deira.
Livet med studentane på instituttet i Meiganga ga oss ein liten kræsj inn i dagleglivet. Der slit dei fleste med å få mat på bordet kvar dag, men greier likevel å vise overstrøymande glede for at vi vil vere ilag med dei der.
Vi fikk helse på den nyfødte sonen til ein av studentane. Paret har vore gjennom fem svangerskap, men dei har mista alle borna. Dei fikk ei dotter (prematur) i 2008, men ho døyde 10 mnd gamal i fjor vår. Vi ber om at det må gå bra med denne vesle prinsen. Be gjerne med oss.

Det er mange born i Meiganga-leiren forøvrig. Jentene våre har mange leikekameratar, og det leikast på skikkeleg afrikansk vis; heile syskenflokken er med, frå dei minste til dei største. Denne dagen øvde ungane inn ein sketsj, med løver, mødre og born, ein lege, og ein engel. Dei hadde det skrekkeleg moro.
- Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post162

