GOD JUL!
bloggPosted by T. Tomren Friday, December 25 2009 22:02:19Det er lett å komme i godt humør att i Afrika.
Hvis ein går i kyrkja, til dømes.
Julaftan vart feira med norsk julegudsteneste i ei lita kyrkje der vi kjente oss nesten flytta til Betlehem.
Stråtak, god lufting, og sol og varme.
Ein liten gut stakk innom for å kike litt på oss kvitingane, og vart like godt ein del av preika. Han hadde eit skikkeleg namn; "Gud som kjem og frelsar oss" om ein omset det til norsk. Tom fikk gode innspel til preika...
Det var som om Vårherre sjølv ville ha det moro med oss!
Flott måte å innleie jula på.
Etter pinnekjøt, moltekrem, mjølkesjokolade, og med julemusikk frå CD-spelaren, fikk jentene pakke opp gåver utpå kvelden. Vi kan vel seie det slik at vi hadde nisser frå Noreg; mormor og morfar.
Finale på julekvelden er ungane som kjem og syng med flott regi, og med bøtte-trommer. Julebukk på Kamerunsk! Og med mange song-nummer på programmet, ikkje bare ein liten, spinkel julesong....litt godteri er løna.
Alle, både songarar og tilhøyrarar var godt nøgde!

Første juledag er skikkeleg feira i Hoora Nagge, ein liten landsby i Sikem distrikt eit par timars kjøring utanfor N'gaoundere.
Josepha, ein tidlegare godt halden mann, var framme under gudstenesta. Han hadde konvertert til muslimane, men då pengane tok slutt, var han ikkje særleg populær lenger. No sakna han varmen i det kristne fellesskapet, og lurte på om folk i kyrkjelyden kunne tilgje at han hadde vore så dum....han vart motteke med jubel.
Etter gudstenesta var det fest; slik må det ha vore då den bortkomne sonen vendte heim.
Ord kan vanskeleg forklare korleis denne juledagen vart feira, vi må legge ut bilete når nettet samarbeider. Men det var song, dans, og glede!
Oss er ein evig Frelsar født, det er verkeleg verdt ei skikkeleg feiring!
- Comments(1)http://blogg.tomren.info/#post161





