Livet i Afrika....
bloggPosted by T. Tomren Tuesday, December 22 2009 14:54:50Nokre gongar er livet i Afrika fantastisk, andre gongar er det ikkje så kjekt.
I dag hadde eg mota meg opp til å gå heim til ein kollega, Lucie, som er sjuk.
Ho mista mannen sin for snart eitt år sidan, og har tidlegare mista ei dotter som då var 10 år.
Før vi reiste heim på sommarferie vart det tydeleg at ho var ramma av AIDS.
Likevel var ho ved godt mot. Ho fikk medisin som fungerte godt, og ho ville leve vidare for den dottera ho hadde att.
Då eg kom attende til Kamerun i haust, var ho vekke frå jobb. Tuberkulose.
Eg tok ein tur opp på sjukehuset for å be ilag med henne, og prøve å oppmuntre litt. Men det vart ikkje slik. Gråten tok meg.
Det var ei Lucie utan livsgninst som låg i sjukesenga, ho hadde ingenting å leve for lenger. Dottera hadde òg fått påvist AIDS, og ho vart fort dårleg.
Høgst truleg kjem ho til å døy før mor si.
I ettermiddag skulle eg stikke innom med litt julekaker...
Men det vart ikkje slik, ikkje denne gongen heller.
Dominique som vatnar plantar i hagen vår for å få skulepengar, har mista far sin. Søndag (for to dagar sidan) kom han for å be om hjelp til å betale på sjukehuset. Faren var dårleg, og dei hadde ikkje nok pengar til behandling.
I går kom han ikkje for å vatne, men knakka forsiktig på seint i kveldinga. Faren var død.
Tom var med på gravferda i dag, og vi skal opp til dei i ettermiddag for å vere med familien i sorga.
Det kan vi alle fall. Vi kan vere saman.
Julekakene tar vi i morgon.
On est ensemble.
- Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post160

