nytt

nytt

Advent i Kamerun

bloggPosted by T. Tomren Wednesday, December 16 2009 23:03:10
Det blir jul i år òg.
Julestemninga sig på utover desember, etterkvart som dei forskjellige aktivitetane går sin gang: den eine avslutninga etter det andre, akkurat som i Noreg. Og det trass i at gradestokken viser mellom 30 og 40 varmegrader!
Det er rart å sjå føre seg at snøen er på veg heime, medan vi går i sommerkle, og det blir varmare og varmare for kvar dag.Litt adventsktivitet: innkjøp av nisseluer på Bantaï-marknaden, og nøtteknekking på verandaen. (Mormor og morfar kom frå Molde for å feire jul ilag med oss, og hadde med både nøtter og mykje anna godt i bagasjen.)

Collège Protéstant har konsert før jul kvart år, ein tradisjon vi har lært å sette stor pris på. Med over 700 elevar i koret, og ein imponerande gjeng skodespelarar til å dramatisere juleevangeliet, kjenner vi at det gjer inntrykk.
Elevane får vist oss korleis Gud ynskjer å møte menneskane, og vi går heim etter konserten med klare meldingar om kva jula burde vere:
ei tid for ettertanke, ei tid for å vise kvarandre kjærleik, og for å ta inn over seg Guds kjærleik til oss.

Her var både vise menn, og ikkje fullt så vise gjetarar. Hysterisk moro!

Og så var det skuleavslutningar:
Med tre elevar på DNSK var vi spente på korleis julespel og opplegg på avslutninga ville bli. Men jentene våre imponerte stort: dei sang, spela og dramatiserte heilt til gull. Stolte foreldre og besteforeldre i salen!
Heider og ære til maestro Lena:

Og sanneleg...
Kristin resiterte dikt, framførte skjetsj, og sang ilag med dei andre tre elevane i Maternelle (førskulen) på den franske skulen. Alt på fransk, sjølvsagt.
Dei andre elevane på skulen er muslimar, men det var både julesongar og meire til av bodskap. "En stjerne skinner i natt" framført på fransk av lærarane og dei eldste skuleelevane var sterkt.



  • Comments(1)http://blogg.tomren.info/#post159