nytt

nytt

Biskop i EELC

bloggPosted by T. Tomren Wednesday, December 02 2009 18:23:54
No har EELC (den evengelisk-lutherske kyrkja i Kamerun) fått biskop.
Kyrkjeleiaren (Thomas Nyiwe) har inntil no hatt tittelen kyrkjepresident, men dei vedtok på generalsynoden for tre år sidan at det skulle innsetjast ein biskop som framste leiar. Etterkvart kjem òg alle regionalpresidentane til å verte vigsla til biskopar.

No har vi dermed eit system som liknar det norske, men nasjonalbispen har ein god del meir makt her enn preses i Noreg.

Det har vore ein del uro i tida fram mot denne helga, ikkje alle har vore like begeistra for endringa. Men Nyiwe har greid å roe gemyttane ganske bra, og står fram som ein forsonande leiar. Så får tida vise om det held fram slik.

Den 5 timar lange gudstenesta var innhaldsrik og prega av fest! Mange kor og grupper hylla den nye biskopen og visebiskopen (Etienne Fomgbami) med song, dans og gåver.

I alt fest-styret glømte eg kamera, men har fått lov av Jean Abdoulaye til å legge ut hans bilete frå hendinga, her er overrekking av gåver som gjer nytte ute i broussen (bushen):
Olav Skjevesland legg bispekjedet om halsen til Nyiwe:

Same dagen som vi fikk biskop og visebiskop, vart den flotte Milleniumskyrkja til ein ekte katedral. Det fortener den; ifølge jentene våre er den vel så fin, eller helst finare enn kyrkjene i Noreg. Siste finpuss til helga, vart gjort på "Fredsplassen" mellom den gamle og den nye kyrkja, med utsikt mot N'gaoundéré-toppen:(endeleg eit bilete eg har tatt sjølv)

  • Comments(1)http://blogg.tomren.info/#post158