sau før jul
bloggPosted by T. Tomren Friday, November 27 2009 10:28:55I dag er det sauefesten her i Nord-Kamerun, og alle har fri frå jobb og skule. Andre stader vert festen kalla offerfesten.
Muslimane feirer at Abraham var villig til å ofre alt, til og med sonen sin, og at Gud sendte ein sau til å verte ofra i staden.
Festen skal minne dei på å vere som Abraham, og vere villig til å adlyde fullt og heilt, slik som han var.
Byen var full av sauar i går, på veg til slakting. Og det går med mange!
Forskjellen vert tydeleg her vi bur med mange muslimar rundt oss:
Dei underkastar seg ein gud som krev offer.
Vår Gud kjem til oss.
(...det går riktignok med ein del sau til vår fest òg, iallefall hjå oss vestlendingar...)
- Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post156



