nytt

nytt

Bryllaup på Kamerunsk

bloggPosted by T. Tomren Thursday, November 12 2009 19:45:58

Det er snart ei veke sidan vi såg Esther sist.

Ho sel frukt og grønsaker her i N’gaoundéré, og kjem med frossen fisk når det er å få tak på. Og ho er syster til Germaine, ei god veninne av oss.

Dei to siste åra har Esther snakka om at ho ville gifte seg. Mannen ho har vore trulova med er snart ferdig jurist, og dei har spinka og spart i over to år no. Mesteparten har gått med til studiene hans, men litt har dei sett til sides for å kunne halde bryllaup. Og så har dei fått litt av misjonærane her på stasjonen. Det er vanleg å sende ut ein ”billett d’aide”, ei svært høfleg tilnærming der ein presenterer saka, og ber om ein eller annan form for støtte.

Sist fredag vart det endeleg fest. Foreldra til Esther og Germaine holdt hus, og trødde nok til med ein god del i tillegg til det. Alle damer og jenter i familiane Bischler og Tomren vart henta på stasjonen kl. 15.00, og losa fram til riktig hus. Der var allereide kvinnene i familien samla, ein stad mellom 50 og 100 personar. Dei var kledde i bryllaups-panj, eit stoff som brura tar ut, og som alle i familiane kjøper og får sydd festklede i. Familiane på kvar side har gjerne forskjellige mønster på stoffet, alt etter kor mykje det er muleg å få tak på av same sort.

Først var det bøn og song inne, deretter dans ute i gata, og så kom brudgommen.

Inne i huset att vart det taler, og ei andakt, og deretter ei forbønshandling for brudeparet. Rett før klokka var 18.00, kom forlovaren til brudgommen inn og ba dei skunde seg. Mannen måtte bli gift i ein fei; han skulle rekke toget til Yaoundé same kveld! Bare nokre dagar før festen fikk han melding om at eksamen skulle starte dagen etter.

Og toget her i Kamerun, det går kl. 18.20 kvar kveld. Dei rakk ikkje å verte heilt ferdige med forbøna, så forlovaren steppa inn då katekisten skulle velsigne paret. Så fortsette festen, med meir song og dans, og overrekking av gåver. Og mat. Mykje, og nyyyydeleg mat. Utan brudgommen. Slik er livet her i Afrika, ein kan ikkje rekne med at ting vert slik ein planlegg det. C’est l’Afrique!

Så; midt i gleda over å vere gift, har Esther holdt seg mykje inne denne veka, medan ho ventar på at mannen skal kome heim etter ei drøy veke med eksamenar. Gåvene er framleis innpakka, og familien må hjelpe henne med mat denne tida. Å gå ut og selje slik ho vavnlegvis gjer, er uaktuelt før mannen er heime att. Eg skal opp til henne ein tur i morgon.

On est ensemble!

  • Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post155