"ROCK MY SOUL"
bloggPosted by T. Tomren Monday, November 02 2009 22:18:11Det er godt å vere heime i N'gaoundéré att.
Å få vere saman med storejentene mine og papsen er sjølvsagt det beste, men det er sanneleg mange andre ting som er godt å komme attende til:
Sol og sommar, mange gode vener, kjekke kollegaer, avocado som ikkje kostar ei formue og som smakar mykje betre enn den i Noreg, planteng og pimentsaus,
eit varmt og heftig gudstenestefellesskap, og mykje musikk.
Laurdag fikk vi ei musikalsk oppleving som vi kjem til å hugse lenge:
Gospel Singers feira 40-årsjubileum med ein forrykande (og lang) konsert i Milenniumskyrkja. Koret hadde mange nye flotte songar, og ikkje minst ei avdeling med gode, gamle gospel-låtar som vi som var unge på 80-talet sang med på.
Gamle collège-elevar sang så øyrene i salen flagra!
"Shot the door, keep out the Devil. Shot the door, keep the Devil in the niiiiiiight, light the candle - everything's allright!"
Det gjer inntrykk å synge denne låta her som dei onde maktene ikkje bare er "overtru", men noko ein må forhalde seg til.
Denne kvelden vart vi minna spesielt på at Gud har sigra over det onde, og at vi må halde ljoset tent!
Så må vi få vise dykk det minste sjarmtrollet i familien Tomren; Fanta.
Ein nydeleg, kosete kvalp som naturleg nok er midtpunktet i all aktivitet for tida...
Fant, vakthunden vi har hatt i nesten to år, vart litt i ivrigaste laget.
Han tok seg likegodt ein jafs av beinet til ei dame som han kanskje meinte var ein trussel....hadde han budd i Noreg, hadde han nok vore avliva no.
Men Dissa som jobbar hjå oss meinte vi var heilt tullete. Den flotte vaktbikkja, og så ville vi kvitte oss med henne? Høyrt slikt tull!
(Ho fikk Fant med seg heim.)
Så vi prøver igjen, kanskje litt heldigare denne gongen?
- Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post154



