nytt

nytt

Oppdatering:

bloggPosted by T. Tomren Wednesday, September 02 2009 23:53:03

Det vart litt lengre opphald i Noreg denne sommaren enn vi hadde rekna med. Svineinfluensaen er stikkordet.

Vi las i avisene at dei med lungetrøbbel burde sikre seg vaksinering så kjapt som mogleg, og ba NMS om råd ettersom Kristin vår på 4,5 år har astma. Legane var eintydige; ikkje reis ut att utan at ho er vaksinert.

Dei som kjenner 72-dagars-regelen, veit at utvida Noregsopphald er det same som økonomiske utfordringar. Vi er ikkje veldig glade i likningsvesenet sine paragrafryttarar i desse dagar…. (bur du i utlandet, og opphaldar deg meir enn 72 dagar i Noreg i løpet av eitt år, må du betale norsk skatt. Og det vert dyrt..)

Vi kunne ha tatt med den fiiine, gamle campingvogna vår til Sverige, men det var meir freistande å la ungane gå på Sagstad skule ilag med venene sine. Det har gått veldig fint; Marianne får faktisk med seg eit leirskuleopphald ilag med gamleklassa! 10. sept.tar Tom med seg skulejentene heim til N’gaoundéré.

Mamma og Kristin vert att i Noreg (etterkvart Molde), og ventar på vaksine.

Vi må nytte høvet, og takke Junji og Åshild Furukawa, som har latt oss bu i heimen deira denne tida, og Uthaug’s som ordna dette for oss. TAKK!

Men vi må medgje at det ikkje var bare bare å vere att i gamlelandet denne tida... det skal bli kjekt å kome heim til vener, kollegaer og jobb.

  • Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post148