St.Hans i Kamerun
bloggPosted by T. Tomren Wednesday, June 24 2009 00:13:00Vi hadde nesten glømt vekk heile midtsommarfesten, men Olav (Dankell) og Eli inviterte oss på grilling. I frysen hadde nokre gamle grillpølser frå Noreg godgjort seg, og jammen fant vi litt lompe og. Med godt selskap, til og med kinaputtar v/Finn Ove, vart det skikkeleg feiring:Eli hadde ei overrasking på lur: pinnebrød! Det hadde eg ikkje ete på lenge. Dei kamerunske gjestane åt det for første gong, og det var stor suksess.
Vi kunne ikkje hatt det betre i gamlelandet.......
- Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post145





