nytt

Hjemmeblogg

Posted by T. Tomren Saturday, September 24 2011 11:47:50


I Juni 2011 avsluttet vi vår tjeneste i Kamerun. Fordi Trudes gamle mormor i Norge døde to uker før vi skulle dra, ble oppbruddet litt mer hastig enn planlagt.

Vi fikk likevel gode og flotte avskjeder, fester og taler både på bispedømmets årsmøte, generalforsamlingen til kirken, ved hovedadminsitrasjonen i kirken der Trude jobbet, i menigheten der Tom har vært ansvarlig, og ved det teologiske instituttet i Meiganga. Og vi fikk tatt farvel til en strøm av mennesker.

Under generalforsamlingen i kirken fikk Tom nytt navn av nasjonalbiskopen Nyiwe: "Reviens". Kom tilbake!

Det er godt å reise fra Kamerun og vite at en er ønsket tilbake. Vi har hatt fire fantastiske og rike år, og kommer gjerne tilbake om ting skulle passe i forhold til livet og kirkens behov.

Vel tilbake i Norge, jobber Trude som kyrkjelydspedagog i Lindås, Tom er sokneprest på Osterøy ( Haus, Gjerstad og Bruvik) og de fire jentene er i gang på Sagstad skole.

Vi kommer til å holde kontakten med våre Kamerunske venner, med kirken og med døveskolen og presteskolen.

Vår slutt-oppfordring fra denne bloggen til alle dere som har fulgt oss i gjennom disse årene er at dere fortsetter å be for kirken i Kamerun, og mer enn noe for presteskolen i Meiganga og Døveskolen i Ngaundere. Vi har hatt 41 005 besøk på sidene våre og 225 000 treff i løpet av disse årene. Det er fortsatt interesse for misjon!

Om vi skal trekke fram ett prosjekt som vi vil anbefale støtte til, er det døveskolen. Omtrent halvparten av elevene er muslimer, og dette er et stort og viktig vitnesbyrd i Adamaoua-provinsen. Alle foreldrene, både kristne og muslimer, er dypt takknemlige for at kirken har startet grunnskoleutdanning for de døve barne.

Blog image

Be for Amos, den nye rektoren, be for elevene, og be om at skolen blir til velsignelse for hele byen og for kirken. For å støtte prosjektet, bruk kontonummer 8220 02 85030 og merk med prosjektnummer 621498 (NMS, pb 226, 4001 Stavanger)

Skolen vil bare leve videre i den grad vi sender øremerkede gaver til den.

Amos har laget blogg, og dere kan følge arbeidet videre gjennom linken:

http://esdangaoundere.blogspot.com/

Vi er uendelig takknemlige for dere som har bedt for oss disse årene, og for dere som har støttet arbeidet økonomisk!

Takk til menighetene som har stått bak oss!

MÅ GUD VELSIGNE DERE RIKELIG


Vår epost fremover er: tom@tomren.info/ trude@tomren.info, og vårt telefonnr er 56 17 88 87.

(mobilnumrene våre kan dere jo også få, i tilfelle: Tom 90049696, Trude 93257767)

Ikke stuss på å ta kontakt om det skulle være noe!

Alt godt fra

Trude og Tom & co.

Temaet er forsoning.blogg

Posted by T. Tomren Monday, June 06 2011 10:50:16

”Der det er folk, blir det bråk” heiter det, og det viser seg dessverre stadig vekk å vere riktig.

Kyrkja er ikkje noko unntak, for vi er vel folk vi som utgjer kyrkja, òg?

Blog image

I EELC har det vore gnisningar som ikkje så lett lar seg kategorisere. Nokre har vore redde for at synet på homofili skal endre seg etter dei vestlege kyrkjene sin modell, og verte meir liberalt. Andre har vore misnøgde med forskjellige avgjerde i kyrkjeleiinga, og andre igjen er kanskje bare generelt misnøgde.

Einskilde som har vore utmeldte i årevis, har nytta høvet til å engasjere seg i bataljen, med von om å få posisjonar i ”den nye, eigentlege EELC”.

Vi har nok, innimellom, vore redd for at nokre av desse skulle lykkast, og faktisk rive ned det som har vore bygd opp over snart 90 år. På sekretariatet har fleire vore samla kvar dag kl. 12.00 for å be spesielt for denne situasjonen.

Men det skjer under. Dei siste vekene har ei gruppe ”utbrytarar” hatt møter med ei gruppe frå kyrkjeadministrasjonen, og med lokale styresmakter. Daniel Touka, ein prestekollega, har engasjert seg i meklingsarbeidet. Forrige veke hadde han godt nytt:

Le Prefet (borgarmeisteren) kalla saman til eit møte der han oppmoda til forsoning. Han er sjølv kristen, og gikk direkte inn i kjerna: ”Kva vil de, eigentleg? Vil de krangle? Eller vil de drive ei levande kyrkje, der ein kan få med seg fleire menneske inn i fellesskapet? Er det ikkje kjærleik som er stikkordet? ” Det vart etter kvart semje om at målet er å bygge opp, ikkje å rive ned.

No er det programmert ei fellesgudsteneste i Millenniumskyrkja den 12. juni.

Og temaet er forsoning, som det var på generalsynoden i Betaré Oya.

Eit resultat av mykje arbeid, og inderleg bøn.

Kanskje andre òg kunne læra av desse flotte kollegaene våre? Dei har retta fokus mot det vi eigentleg skal drive med:

Fortelje alle om Guds grenselause kjærleik!


(Trude)

Avskjed med Thelloblogg

Posted by T. Tomren Tuesday, May 31 2011 15:08:24

Siste gudsteneste i Thello var verdig og innhaldsrik.

Den gamle jordkyrkja er no riven, den nye har fått veggar av sement, og skikkeleg bølgeblekktak!
Blog imageBlog image
Skikkeleg skal det vere. Høgtideleg klipping av snora, ved biskop Nyiwe:
Blog imageHer er folket i ferd med å fylle kyrkjerommet, og kora inntar plassane sine fremst.
Blog imageTom, den gamle distriktsdirektøren, vert takka for to års iherdig innsats, og Lucas Besong vert ønska velkomen som ny "directeur du district".
Blog imageFamilien Solås ville gje vekk Harald sin fine Honda, og Sikhem distrikt var så heldig å vere mottakar. Trond Hjorteland tolka til fransk og fulani, til stor jubel frå forsamlinga:
Blog imageDei "lokale autoritetane" var tilstades, noko som ikkje er sjølvsagt i denne delen av landet. Landsbyhøvdingen og ei utsending frå ordføraren var med på heile gudstenesta. Dei er muslimar, og det var spesielt å vere ilag med dei under Tom si preike. Han fortalte mellom anna om ein konvertert muslim som vi kjenner, og korleis han opplever å verte innlemma i den kristne kyrkja.
Blog imageLandsbysjefen kom med ei helsing der han takka spesielt ungdomen i Thello for innsatsen under arbeidet med kyrkjebyginga. Og han ville, til stor undring, bidra med pengar så dei kunne legge sement oppå jordgolvet. YOWA!
Blog imageBlog imageIkjke alle fikk plass inne, men dei fulgte nøye med gjennom dei opne vindauga.
Blog image


Desse to jentene ville gjerne bli fotograferte, og kven kan vel motstå slike nydelege fjes?
Blog image
Etterpå var det fest. På skikkeleg, afrikansk vis!
Blog imageAlltid mykje og god mat, og brus i glasflaskar.....

Til slutt må vi få vise fram hanene som vi fikk i avskjedsgåve, jentene våre ville kjenne kor tunge dei var.
PS: dei er høgst levande!



many more to go...blogg

Posted by T. Tomren Monday, May 30 2011 23:24:35

Siste gong ilag med Femmes pour Christ, region centre,
(Kvinner for Kristus, månadleg regionalsamling)

Der har eg (Trude) vore og halde bibeltimar kvart semester. Det er ei spennande gruppe å jobbe med, dette er damer med futt!

Ein liten bilete-presentasjon av siste tur, til Youkou eit par mil utanfor N'gaoundéré:
Blog imageMor til Elise Balomog, som eg går i FpC-gruppe med kom og henta med heime, for å vere heilt sikker på at eg ikkje kjøyrte meg vill.


Blog imageSjå, og nyt den fine nyopparbeidde vegen ut til Youkou! Reine autostradaen, iallefall i forhold til korleis den var før...


Blog imageDet er ingen grenser for kor mange damer det går i ein Hilux....



Blog imageOg alle er like blide! Desse damene sang heile vegen heim. Heldigvis skulle dei av før vi kom til politiet sin kontrollpost rett utanfor byen.


Blog imageDå satsar vi på å sjåast att snart! Dette skiltet står i krysset inn til hovudvegen til N'gaoundere, og eg trur det sto der for å trøyste meg.

Two down, many more to go!blogg

Posted by T. Tomren Sunday, May 29 2011 23:18:35

Vi snakkar sommaravslutningar.


No byrjar det å gå opp for oss at det går mot heimreise!
Tida framover vert veldig vemodig, samtidig som vi kjenner stor glede over at vi har fått vore med på mykje spennande.
På tysdag hadde døveskulen avslutning og utdeling av vitnemål, og vi tok høgtideleg avskjed med små og store. Det er heilt utruleg kva som har skjedd på tre-fire år, og vi er stolte og glade over flotte elevar og tilsette på skulen. Neste år skal den første eleven prøve seg på avgongseksamen for grunnskulen, og vi kjem til å fylge spent med!

Her er Tom og nokre av elevane i 5-teikns-bøna:

Blog image
Eliane, Angel, Benedicte, og Amos skal drive prosjektet vidare, og det vil dei greie heilt flott. Maleko vert med som "assisterande teiknspråkkonsulent".
Blog imageHer er ein del av gjengen samla til familiebilete.

Noko av det som gler oss mest med denne fasen av prosjektet, er at foreldra engasjerer seg i døveskulen. Dei har oppretta ei eiga interessegruppe, og den er skikkeleg organisert og meldt inn til styresmaktene.
Dette gir ein ekstra tryggleik i døvearbeidet, vi veit at uansett kva som skjer, vil foreldra vere der for borna sine. Og det er ikkje sjølvsagt i Afrika, der mange må velje kven av ungane som skal få gå på skule.

Ei mor som har to gutar på skulen, var bare eit einaste stort smil etter at elevane hadde opptrådt på avslutninga:
"Eg hadde aldri trudd at den eldste sonen min (Honoré) skulle greie å lære å lese og skrive. Men han er best i klassen, og no har veslebroren hans òg starta på døveskulen. Nei, dette hadde eg aldri trudd....."

Men det er muleg, til og med i Afrika!


Generalsynoden i EELC unnagjort!blogg

Posted by T. Tomren Monday, May 09 2011 00:42:44

Onsdag 4. mai starta EELC sin "Synode Général" i Bétare Oya, fleire timars kjøyring sør for Meiganga.
Denne generalsynoden liknar vårt Kyrkjemøte i DnK, og det vart avslutta i dag, søndag.

Der har det vore diskutert mykje og mangt, og hovudtema har vore "forsoning". Vi har før nemnt at det har vore gnisningar i og rundt kyrkja, og naturleg nok var dette naudsynt å ta opp på generalsynoden.

Det vart mange samtaler, bibeltimar over temaet, og på laurdag var det val av ny generalsekretær i EELC.
Den nye leiaren er Hamidou Djulde, rektor på eit collège i den nordlegaste regionen i Kamerun. Ikkje mange av misjonærane kjenner han, så det skal bli spennande å få treffe den nye generalen!

Det er ikkje så lenge til vi vender nasen nordover no, og Tom vart takka skikkeleg av som lærar i Meiganga og som prest i Sikhem. Han vart tildelt eit nytt namn:

REVIENS!
Det er fransk, og tyder "Kom tilbake"


Ein annan spesiell sak som vart tatt opp som bøneemne på synoden:
Aboutoukar Bello, ein av katekistane, hadde fått ei spennande melding frå ein av landsbyane i distriktet sitt, Febadi.
Landsbyen ligg i eit muslimsk område.

5. mai hadde den vesla staden fått uventa gjestar. Det gjekk rykter om at fleire hadde vorte kristne i landsbyen, og dette skulle sjekkast. Konvertering frå islam er som kjent ikkje særleg populært!
Tre bilar med muslimske leiarar kom denne torsdagen.

Dei delte alle vaksne inn i mindre grupper, og starta undersøkingane. Kvar einskild måtte gjere greie for kva religion dei no tilhøyrte. Dette skulle kunne skremme nokon kvar, og dei rekna nok med at dei fleste ville kalle seg muslimar. Men slik gjekk det ikkje!
Heile landsbyen, så nær som to familiar, erklærte seg kristne.

Vi veit førebels ikkje så mykje meir, men innbyggjarane risikerer represalier, og ventar i spenning på reaksjonane frå dei muslimske leiarane.


Blog image
På avstand er det ikkje så mykje anna å gjere enn å be.

Stol på døveskulen!blogg

Posted by T. Tomren Sunday, May 01 2011 18:02:04

Det vart stol på stol på døveskulen no i april.

Alt skulle ha vore klart like etter vinterferien, men så vart det forseinkingar.
Ting tar tid i Afrika, og det røyner på tålmodet sjølv for ein treig romsdaling...
Men no er mange fine krakkar på plass i undervisningslokalet til døveskulen!

TAKK til alle som har vore med og bidratt, enno ein gong.
Spesielt må vi sende ei helsing til barnekoret "Perla", som hadde konsert med Hans Inge Fagervik, og sendte 5000 nok. av billettintektene til døveprosjektet.
Kjempeflott!

Vi helser med nokre bilete frå påskeveka, som er vanlege undervisningsdagar her i Kamerun. Elevane har fri berre langfredag, ikkje ei heil veke som i Noreg.
Men dei er ikkje lei seg for det; her er elevane glade for kvar dag dei får undervisning, då vert dei jo enno flinkare!

Blog image
Blog image
Blog imageBlog image
Her er dei yngste elevane på plass ved "stor-bordet", ilag med to av lærarane.

Dei ventar enno på sitt eige bord, og sine eigne krakkar, som kjem "snart". Og det er så snart som det er ferdig, kva tid det no måtte bli!

Påskegjester:

Else Karin og Thor var med på døveskulen denne dagen, og vi nyttar høvet til å takke for at dei tok seg turen til Kamerun for å helse på oss. (Trude sin onkel og tante).

Dei har fått med seg mykje av livet i Nord-Kamerun, både turar i nærområdet, safari i Bouba Ndjida, og langdag med bush-presten. Og dei har vore veldig sporty!

Siste dagen i N'gaoundere fikk tante Else omvisning på sjukehuset, som står i grell kontrast til arbeidsplassen hennar som norsk sjukepleiar:
Blog imageHer er kjøkkenet, der dei pårørande lagar mat til den sjuke.
Om du vert lagt inn som pasient på sjukehus i Kamerun, er du heilt avhengig av hjelp utanfrå. Mat, medisinar og sengetøy må du (eller familien din) skaffe sjølv, og du betalar leige for rommet på avdelinga. Dei som har dårlegast råd, må ligge på salar.
Og standarden er nok ikkje som i Noreg:
Blog imageMen bare så det er sagt, dette er det FINE sjukehuset i N'gaoundere. Det er drive av den lutherske kyrkja, EELC.
Det er eit offentleg sjukehus i byen òg, der standarden er enno lågare.

Det er aldri kjekt å vere sjuk, men vi trur nok det er betre å vere sjuk i Noreg.....

Else Karin og Thor har tenkt å arrangere ein Kamerun-kveld på bedehuset i Molde etter at dei er trygt landa heime, og har fått mykje inspirasjon på dei to vekene i Kamerun. Fleire NMS-prosjekt kjem nok til å profitere på dette :)

På verandaen vår har det vore ein god del sudoku-løysing, fuglar har blitt fotograferte, og brannsår blitt forbunde:
Rachel, ei ung dame som sel frukt på stasjonen, hadde fått kokande vatn på foten sin. Ettersom doktor Rune var på ferie, fikk Else Karin bruke litt av utstyret ho hadde tatt med frå Molde. Og foten er mykje betre no!

Han er sanneleg oppstanden!blogg

Posted by T. Tomren Monday, April 25 2011 18:55:15

Vi har feira påske i Thello og Tourningal i år.

Om du aldri har vore i Afrika, er det vanskeleg å førestille seg korleis det er på ei festgudsteneste 1. påskedag, men vi skal prøve å formidle dette likevel:

Blog imageBlog imageBlog image
Blog image
Blog imagePåskedagen 2011 fulgte heile familien med pappa på jobb. Else Karin og Thor (Trude sin onkel og tante) fikk med seg gudsteneste i både Thello og Tourningal, og dagen vart svært så minnerik:
med dåp, konfirmfasjon, nattverd, og diverse innsamlingsaksjonar der det vart defilert og dansa inn med både pengar, klede og matvarer, kjem gjestane våre ikkje til å gløyme så lett at dei har vore på skikkeleg afrikanske gudstenester...

Vegane innover til Thello-området er temmeleg humpete og sleipe no når regnet har starta, og sjølv den tøffaste vestlending får kjørt seg..bokstaveleg talt!

I tillegg til dei vanlege gudstenestane var det som vanleg matservering på kvar plass, og Tom måtte vere meklar i ein konflikt i Tourningal.

Siste økta måtte jentene våre få eit lite friminutt, og spiste påskegodter medan dei såg på film i bilen.
Der kosa dei seg medan stormen herja utanfor, og tromminga på bølgeblekk-taket gjorde gudstenesta særprega. Tom og evangelist Daniel måtte rope den vesle halvmeteren fram til konfirmantane, for at det skulle vere muleg å oppfatte eitt einaste ord. Og så satsar vi alle på at dei tre gutane svarte det dei skulle, vi andre høyrte bare tromminga av regnet.

Før vi fòr heim att i kveldinga, fikk vi deilig mat hjå leiaren i kyrkjelyden i Tourningal.

Det vart ein dag proppa full av song, dans og glede, god mat og mange minner.