nytt

nytt

seminar for søndagsskuleleiarar

bloggPosted by T. Tomren Friday, August 27 2010 21:31:05
Det er liksom ikkje det same når ein opplever ting i Afrika...
Nokre gongar kunne vi tenkt oss at ting var meir som i Noreg.
Andre gongar prisar vi oss lykkelege for at vi får vere nettopp her, og oppleve dette akkurat slik!
Det siste er tilfelle akkurat no.
Eg, Trude, sitt og førebur ei andakt til i morgon tidleg. Det er seminar for leiarane i søndagsskulen i Ngaoundere-distriktet, to heile dagar.

Nokre av dei skjønne ungane i kyrkjelyden var nesten med på seminaret:

I dag har deltakarane hatt undervisning i forskjellige emner:
-om sjølve privilegiet det er å få undervise borna om Guds Ord, om dei mange gåtene i liturgien, om korleis ein leiar bør te seg, og om audio-visuelle verkemiddel i undervisninga.

Det siste var ved underteikna, og det dreide seg slett ikkje om tekniske hjelpemiddel.
Her gjeld det å fokusere på korleis ein kan gjennomføre undervisninga utan at det kostar noko: teikne, klippe, leike, danse, synge; i det store og heile handlar det om å bruke seg sjølv i undervisninga.

Og ungdomane, dei deltek med alt det dei har, så ein kjem heim full av takksemd for å ha fått vore med.

Her skulle det ha vore ein videosnutt, for dette kan ikkje opplevast skikkeleg utan lyd!!! Men det får eg altså ikkje til...triste greier....de går glipp av fantastisk lovsong!

Her kjem nokre bilete frå andre seminardagen:
Ein av "ungdomane" sit og noterer i djup konsentrasjon... trufaste blogglesarar vi kanskje kjenne mannen att; han var innom kontoret før sommaren for å kjøpe fleire medlemskort til ungane i kyrkjelyden sin.

Desse to dagane var til oppmuntring og inspirasjon for både deltakarar og leiarar, med mykje lått og løye.

Og trur de ikkje at sjølvaste biskop Nyiwe kom innom til avslutninga!?!
Han kom med litt informasjon frå administrasjonen, og ein ny salme som han lærte frå seg i to variantar:
Eit høgkyrkjeleg, riktig høgtidsstemt tonefølge for dei som likar det, og ein meir ungdomeleg variant med mykje rytmiske krumspring.

Og dei som ville fikk handhelse på sjefen. Det ville dei fleste!

  • Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post176

Eit heilt vanleg søndagseventyr.

bloggPosted by T. Tomren Sunday, August 22 2010 23:35:43
Det er første ordentlege søndagen vår i Kamerun denne hausten(forrige søndag tel ikkje, for den kasta vi vekk på togstasjonen i Yaoundé, med venting i kø på billettar, og stressing i kø for å sende reisegods).

I dag har vi fått feire søndagen ilag med kyrkjelyden i Tourningal, og det gjorde godt!
Ein av studentane i Meiganga er der på praksis, og no skulle han vurderast av læraren sin (Tom).
Familiene Solås og Slettbakk ville vere med oss austover, så vi vart eitt skikkeleg reisefølge som kom tuslande inn i kyrkja ein halvtime for seint. Det gjorde ikkje så mykje, for dei fleste andre var ikkje på plass likevel...

Det var grått då vi drog frå N'gaoundéré i halv åttetida, men vi hadde von om lettare ver utover dagen, så vi kunne ha matpause ved Thello-fossen på veg heim.

Det var ei ganske kort gudsteneste til afrikansk kyrkjelyd å vere, i underkant av to timar! Men vi rakk både presentasjonar av dei nye familiane, helsingar frå Noreg, ein fin preike av studenten, og ein sang av det fantastiske familiekoret, oppretta for denne hendinga åleine:


Femmes pour Christ-koret hadde ikkje nok songarar i dag, så då lurte evangelisten på om ikkje vi frå NMS kunne stille opp med ein song. Og det kunne vi jo!

Det var nok både meir lyd og betre rytmer i det andre koret som stilte opp på gudstenesta, men kyrkjefolket var godt nøgde med oss likevel..det var i alle fall det dei ga uttrykk for!


Etter ei fin gudsteneste i Tourningal vendte reisefølget bilane mot Thello-fossen. Det var framleis litt teikn til regn, men vi satsa på at det ville gje seg.

Vel framme på parkeringsplassen måtte sultne barnemagar fyllast umiddelbart.
Det er ei fin rastehytte oppe ved bilplassen, og det var faktisk så nære vi kom ein turistatraksjon i dag. Medan vi koste oss med nistematen, opna alle himlens sluser seg, og vi ga opp å vente på opplet etter eit par timar. Fossen, den kan vi sjå ein annan gong....



  • Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post175

Endeleg på plass!

bloggPosted by T. Tomren Friday, August 20 2010 11:04:35
No har vi landa i Kamerun, og har nesten kontroll på ting & tang etter reisa.

Utruleg deileg å vere heime, og få treffe kjente og kjære att!
Folk kjem innom for å ynskje oss velkomne heim, gje ein klem, og høyre korleis ferien har vore.
Vi kan med handa på hjartet seie at vi har kost oss med familie og vener, og samtidig at det var veldig godt å komme attende til Kamerun.
No har vi etter alle solemerker eitt år att til å suge inn dette fantastiske landet på, og vi må nyte det i fulle drag.

Dette året er alle fire jentene våre på den norske skulen.
Det var ein flott merkedag på onsdag då Kristin òg vart skulejente; på "orntli".

Dei tre største hadde det fint i fjor, men vi må innrøme at vi unner dei nokre medelevar. Og det har det fått no: Marianne og Pauline har fått kvar sin klassekamerat, og rundt Sunniva og Kristin er det tre andre elevar. Stor stas.


  • Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post174

ferie i Noreg

bloggPosted by T. Tomren Tuesday, August 10 2010 23:13:49
Det har vore mange gode dagar i gamlelandet denne sommaren.
Vi har fått kost oss saman med familie og vener, og jentene har gått eit par veker i klassane sine på Sagstad. Og Kristin var på Leiketun... =)

Men vi har fått erfare at det ikkje bare er "ferie" å vere så langt nord om sommaren;
Vi har hatt innbrot i den fine gamle campingvogna vår, trass i ei plassering som skulle ha vore tryggare enn banken: Fjellhaug bibelskule i Oslo.

Eit lite bilhavari fikk vi med oss, og nokon prøvde å tappe Trude sin konto for 18 000 kroner. Heldigvis vart det oppdaga av banken før dei fikk ut pengane.... Og så forsvann passa våre før dei kom til konsulatet i Stokcholm, der dei må innom for å få stempla på visum til Kamerun.

Det må nemnast at alle er like heile, og at det ser ut for at ting er under kontroll no, tre dagar før avreise.
Og det skal bli godt å komme heim til N'gaoundéré, langt vekke frå kjeltringane i Noreg!


Fredag reiser vi frå Molde, via Gardermoen, til Paris. Laurdag kveld er vi i Yaoundé, og måndag framme i N'gaoundéré.

Yiiiiiha!



(Ettersom alt vi hadde av teknisk utstyr er stjåle, vert det ingen bilete riktig enno. Men det kjem.)

  • Comments(2)http://blogg.tomren.info/#post173

det lakkar og lir...

bloggPosted by T. Tomren Saturday, May 22 2010 17:52:52

I dag var det avslutningsdag for dei involverte i døveprosjektet. Elianne hadde organisert ein flott fest, ilag med elevane og lærarane.

Dagen starta med gudsteneste i SEDUC (EELC sitt skulekontor) sine lokaler, så både kristne og muslimar kunne vere med. Pastor Tom forretta.

Det gjer inntrykk å gå i stille bøn, og tenne lys, kristne og muslimar side om side.



For første gong fikk elevane i dei to klassane karakterkort, eller bulletin, som det heiter her. Det var stor stas, for dei fleste av desse borna har aldri gått i vanleg skule, og dei har dermed aldri vore vurdert.


Før maten vart servert, deltok alle elavane med forskjellige innslag: dramatisering av "den miskunnsame samaritan", og eit heftig danseshow, som ein kanskje kan plassere i klassa break/hiphop/disco...dersom ein finn det naudsynt. Flott var det, i allfall!



Då elevinnslaga var over, hadde Tom litt informasjon.
Etter å ha orientert litt om sommaraktivitetane i prosjektet, fortalte han om Per Audun Heskestad sin innsats:

Ein norsk mann, som ikkje er spesielt rik, har samla inn 3 millionar FCFA til døveprosjektet. Jubelen sto i taket då forsamlinga høyrte dette, men dei vart enno meir imponert då dei skjønte at han faktisk hadde trent i lang tid, og fått andre til å vere med på sponsing, for så å springe eit heilt døgn i strekk.
Det vart mange spørsmål, og mange imponerte utrop, over dette.

Per Audun, på vegne av alle involverte i EELC sitt døveprosjekt:
Vi er overvelda, og svært takksame.

Takk òg til alle på Frekhaug som har vore med og støtta aksjonen!
Dette vil seie at prosjektet kan halde fram med opplæringa av personell i teiknespråk eitt år til, og at elevane får eit tilbod som er dei verdig.
Kanskje er det von om at andre tar opp tråden, og finn kreative innsamlingsformar, slik at prosjektet er sikra litt lenger inn i framtida?


Til hausten vert prosjektet enno meir integrert i det vanlege skulemiljøet.

Då startar døveklassane opp samtidig som dei andre elevane i EELC sine skular, med same skuleuniform, og med nokre av dei same lærebøkene.
Vi har von om at det kjem offentleg godkjenning òg snart, fleire av foreldra er engasjerte i prosessen med søknad til styresmaktene.
Dei imponerer stort med engasjement i ungane sine. I tillegg til at ein far er med i styringsgruppa, er dei no igong med å opprette eit foreldreutval.
Dei uttrykker stadig glede og takksemd for at kyrkja ynskjer å gjere noko for dei døve borna.

I sommar skal det avviklast eit foreldrekurs i teiknespråk over fire veker. Amos, som er sendt på opplæring i teiknespråk til Yaounde, kjem for å formidle noko av det han har lært så langt. Rektor på ISDA, døveskulen i Garoua, kjem og som foredragshaldar.

  • Comments(2)http://blogg.tomren.info/#post172

1. mai

bloggPosted by T. Tomren Saturday, May 01 2010 17:07:25
Vaktane på stasjonen ville markere arbeidardagen på stasjonen med ein fest.

Dette vart finansiert gjennom ein dag med grøftegraving, lyse og mørke hender side om side.


I dag har vi kost oss ilag på internatet, heile NMS-familien:


  • Comments(2)http://blogg.tomren.info/#post171

Education Chrétienne

bloggPosted by T. Tomren Wednesday, April 21 2010 16:08:29

For tida er Madame Tomren aleine på kontoret. Til vanleg er vi to, på eit ganske lite rom i administrasjonsbygget til EELC. Medan eg vanlegvis sitt i djup konsentrasjon med neste års leiarmanual for søndagsskulen, tar Bernatte seg av "service-avdelinga".

Ho fikk gut nummer tre i februar, og har kamerunsk fødselspermisjon. Tre månader.


Det kjem stadig folk innomkontoret i Education Chrétienne (Trusopplæringa); dei skal levere bibelkurs til retting, dei skal kjøpe materiell til søndagsskulen sin, eller ein bibel-leseplan. Eller stoff til Femmes pour Christ-kjole.

Desse avbrota kan ergre meg iblant, men mange av møta med kyrkjefolket sett djupe spor i meg. Gode spor.

Forrige veke kom ein ung mann for å kjøpe litt materiell til søndagsskulen der han er med som leiar. Eg hadde nemnt for nokre ungdomar at neste års manual var under arbeid, og at eg gjerne ville vite kva dei meinte mangla i dei gamle.

Dette hadde han høyrt, og han hadde tenkt. Han meinte det burde vere lagt meir vekt på korleis ein skal oppføre seg rett når ein er kristen. Han var engasjert, og hadde mange tankar om å det undervise for borna.

Litt seinare kom denne mannen innom.

(Han syntest eigentleg ikkje han var fint nok kledd til å verte fotografert, men det fikk gå for denne gongen)

Førre veke kom han for å kjøpe 40 medlemskort til borna i kyrkjelyden sin, og no ville han ha 40 til. Han hadde fått inn 1000 FCFA (om lag 12 kroner) frå borna sist søndag, og ga meg ein haug med myntar for å betale dei 40 korta. Dei var over 100, meinte han, så han kom nok att seinare for å kjøpe enno fleire.

Han har arbeidd utan løn så lenge kollegaene mine kunne hugse, og no kom han innom ”søndagsskulekontoret” på veg heim frå markene. Desse to jobbane er det som gir livet hans meining; å få arbeide med jorda, og å få vere med på å så Guds ord i hjarta til borna.

Eg kjenner meg audmjuk i møte med eit slikt menneske.

Det er nok til å forgylle ei arbeidsveke.


  • Comments(1)http://blogg.tomren.info/#post170

Slikt som skjer..

bloggPosted by T. Tomren Wednesday, April 21 2010 15:53:24

Det er varmt i Afrika. Dei siste vekene har vi hatt eitt og anna regnskyllet, men dei fleste dagane er det bare lummert, og VARMT! Vi har funne ut at sperregrensa går ved 30 grader, då er det ikkje moro lenger.

Men livet i Afrika går sin gang, og det går godt. Alle har vore friske siste tida, og mangoen kjem for alvor no. Vi har kjøpt på marknaden, og på døra, til ein billig penge. Om lag ei krone pr stk, med synkande pris etter kvart som det mognast på trea over alt. NAM!

Det er Kristin som opplever mest for tida. Den franske skulen, der ho har gått dei to siste vintrane, har lang påskeferie i slutten av april. Det er ikkje heilt praktisk for oss, som allereide har hatt heile familien på påsketur, og heller ikkje for henne som ikkje har noko å gjere dei vekene skulen er stengt. Vi nemnte utfordringa vår for lærarane på DNS, og dei tilbaud Kristin fire dagar som førskule-jente der. No har ho prøvd seg i tre dagar, og ein kan vel seie at ho allereide kjenner seg heime der. Ein dag ho ville ha Sunniva heim for å leike, gjekk ho bare inn i klasserommet hennar og meldte at ”no var skuledagen slutt, og ho måtte komme heim, for det hadde mamma sagt”.

Ho har òg fått vere ilag med Nathan, ein sveitsisk kompis, i klassen hans på EELC sin førskule. Der er dei 30 elevar pr lærar, og det er ikkje alle fascilitetane der som er like innbydande, kan ein seie. Men ho trivst veldig godt , og vi har tenkt ho skal få halde fram der til vi reiser på ferie i byrjinga av juni. Så vert det kanskje litt kustus på henne; minstejenta vår.


Vi må presentere eit godt tilbod ein får her i N’gaoundéré:

Ambulerande vaksinasjons-team!

Vil du ha stivkrampevaksine, er det bare å rekke fram arma, så er det gjort på eit blunk. Vi trudde ikkje heilt det vi såg, og måtte sjekke kva dei eigentleg heldt på med. Men det såg skikkeleg ut: ein sjukepleiar, og ein assistent, med eingongssprøyter, og diverse høveleg utstyr. Og folk veit vel sånn om lag når dei fikk vaksina sist, får vi rekne med. Vi kjem likevel til å ordne oss på anna vis, om nokon skulle verte urolege for oss…


Og så har vi hatt gjester. Storebror Øivind kom på sin årlege utvida vinterferie, og vi fikk kost oss veldig:

Ein flodhest-safari fikk han med seg, til og med. I 40 grader, må det vel kvalifisere til "ekstremsport"?

(På biletet til venstre er det ein giraff, om du ser godt etter)

Til påske kom Sissel, Odd Tore og Ruben. Dei fikk prøvd seg litt både i byen og i broussen, her er Ruben med ein hane før slaktinga:

  • Comments(0)http://blogg.tomren.info/#post169
Next »